LOGGBOKA 15.04.2019

God påske!

Det er feriefred på tunet. Elevane er heime eller til fjells eller til sjøs og tenkjer på alle dei fine turane siste tida!

Draumen om å oppleve breisida av Svalbard vart oppfylt for ekspedisjonslinja som nettopp har avslutta ein flott tur i Arktis. Til og med Dronninga av Arktis kom dei innpå:

https://www.instagram.com/p/BwOpykXpd-v/

 

 

Nytt prosjekt i år er Vind og vatn sin tur til Danmark for å snuse på bølger, kiting og surfing. Meget hyggelig!

Og her heime i Nordfjord trenger våren seg på, og sykkelstiane er tørre og fine.

Vi ønskjer alle ei god påskefeiring,- med fjell og appelsin og alt anna som gir gode vibbar. Les påskefortellinga i Bibelen i solveggen, og ta inn det som gjorde feiringa mogleg!

 

 

 

Forsidefoto: Johanne Ordahl