LOGGBOKA 18.01.2020

Fjellvett

Eigentleg er vel heile året på Nordfjord opplæring i fjellvett. Det kan vere både veldig gøy og koselig i tillegg til nyttig.

Vinterfriluftsliv og vinterfjellet er noko heilt anna enn å slenge på seg ein lett sekk og spasere avgårde på sommaren. For mange elevar er året på Nordfjord første møtet med skikkeleg fjell-liv også på vinteren. Denne veka har heile gjengen vore på tur til Sogndalsdalen der det rett og slett har dradd skikkeleg på med snø siste tida.

 

Noko av det viktigaste på vintertur er livet i camp, altså der ein overnattar og lagar mat.

Ut frå desse bilda tyder mykje på ganske god trivsel i teltet, sjølv om det etterkvart vart temmeleg vått og guffent!

Været vart etterkvart ganske utfordrande, og i tråd med godt fjellvett snudde gjengen i tide.

Det var det nokon som sette veldig pris på:

Nokre skulle imidlertid gjerne vore der lenger,- ettersom dei hadde eit ganske stort uavslutta snø-prosjekt på gong.

Dei skal i alle fall ha for innsatsen. Klikk og kikk!