LOGGBOKA 14.09.2018

Fint!

September er ein månad der elevane er innom masse ulike aktivitetar, og der klassene blir betre kjende. Ikkje heilt ulikt resten av året, altså.

Denne utgåva av loggboka er ei feiring av noko av alt elevane har fått vore med på desse to vekene i september. Det er ikkje småtteri, eigentleg. Og det er veldig mykje FINT!

Ikkje sånn at det har vore spesielt fint veir, – faktisk har det vore heilt motsatt no i det siste. Striregn og vind, – men det blir fine turar likevel, også ute ved kysten der det har vore aller mest veir i det siste:

Og ikkje minst oppe på breen:

Eller kva med eit lite heng-laus-stemningsbilete frå Via Ferrata i Loen?

Herleg når ein kan sjå ting frå eit høgare perspektiv!

Og vi avsluttar med eit skikkeleg blinkskot frå Hoddevika her ein kveld. Treng ikkje reise jorda rundt for å oppleve magiske solnedgongar, nei!

Forsidefoto: Solvår Lorentzen