LOGGBOKA 28.01.2019

Felles skikursveke i Hemsedal

Uansett nivå og tidlegare erfaring på ski, Hemsedalsveka er ein sikker vinnar!

Her på skulen går det mykje i skikøyring på vinteren. Då er det både nyttig og gøy å bruke ei skuleveke i skianlegg i Hemsedal. Alle elevane vert delte inn i mindre grupper med eigne instruktørar. Slik får alle mykje læring og mestring, og lærer både teknikk, nye knep og får endå betre skikøyring.

Når ein er så mange dagar på ski blir det NATURLEGVIS også litt tid til å øve på nye triks. Gjerne med filmkamera ved sidan av.

I tillegg til eit stort utval ulike nedfartar, byr Hemsdal også på fin skogskøyring. Tryning er ein del av stilen.