Denne veka har mange klasser vore på åleinenatt. Det betyr at ein vert frakta rundt i nærområdet, får tildelt eit forslag til område å sove i, og får høve til å rigge camp før kvelden kjem sigande. Her er bilete av to kjekke camper.
Er det einsomt på ei slik natt? Ja, vil nokre seie. Andre vil seie nei. For ein kan jo trives veldig bra i eige selskap.
Og om ein kjeder seg litt kan ein jo alltids ta seg ein tur opp til ein topp og bygge ein snømann!