LOGGBOKA 09.12.2018

Adventstid

Desember er ei ideell tid for tur og hygge

Å ha adventstid på eit internat er noko folk flest burde få med seg. Det er nemleg utruleg mykje hygge! Vi registererer at det kjem meir og meir pynt i stovene og på romma, ute har vaktmesteren hengt opp lys i eitt av tuntrea våre. No framover skal vi intensivere ventetida med juleverkstad og meir til!

No i veke 49 har vi hatt prosjektveke med alt frå kakebakst til topptur, bibelskule, trearbeid, hjortejakt og to fine kystprosjekt. Og folk har verkeleg kosa seg max!

Heldigvis kom snøen akkurat i tide til at skifolket fekk brukt veka godt.

 

 

På kjøkenet har det lukta deilig heile veka, og det har blitt trylla fram både fine småkaker, lefser og gjærbakst. Ikkje rart at folk har tatt ein ekstra sving innom for å sjå om det muuuuuligens kunne vere ei smaksprøve å få!

Folket som var ved kysten var i to grupper: ei som var ute med Medvind og segla, fiska og fraus bittelitt, og ei gruppe som var på fyrvandring mellom ein del av dei kjende fyra på Nordfjordkysten.  Havet og kysten er herleg heile året. Og sjå den stjernehimmelen dei fekk med seg!