Friluftsliv / Brett

For deg som likar livet best sidelengs

Vi finn flyten på brett!

Er du ein av dei som er på leit etter den beste surfebølga på hausten? Den som er på jakt etter å sette nydlege puddersvingar med snowboardet vinterstid? Den som er klar for å suse nedover asfalten på våren på longboard? Eller den som har lyst til å prøve alt som har med brettsport å gjere. Då er linja brett noko for deg.

Foil
5 dagar
Surfetur til Europa
10 dagar
Terrengsykling
1 dag
Kite
4 dagar
Via Ferrata
1 dagar
Turn/akrobatikk
3 dagar
Surfing på Stad
2 dagar
Skate/surfskate
5 dagar
Longboard
3 dagar
Toppturar på brett
6 dagar
Sløyd - longboard/snowsurf
5 dagar
Åleinenatt
2 dagar
Vestlandsfavoritter - felles skuletur til Flåm, Finse, Aurland og Utladalen
5 dagar
Skikurs i Hemsedal
5 dagar
Skredkurs
3 dagar
Kokelagstur
3 dagar
Førstehjelpskurs
2 dagar
Felles snøholetur
3 dagar
Pilegrimsvandring
3 dagar
Sjå meir +

MEIR INFORMASJON OM TILBODET PÅ LINJA

Vi reiser til Hoddevika for å surfe, finn flyten i bowlen med skatesurf, prøvar skating i park og rampe, på fjorden testar vi efoil og wingfoil – som er eit av verdas mest rasktveksande sportar, på fjellet lærer vi oss å bruke kite i vinden. Når snøen kjem set vi store puddersvingar og bygger hopp i storslått natur. Vi jobbar med turn og akrobatikk for å ta med øvelsar ut på hoppa. Vi bygger vårt eige snowsurfbrett eller longboard på sløyden. På Brettlinja får du testa det meste innanfor brett både på land og på vatn – samstundes som du får muligheita til å vidareutvikle basisferdigheiter innanfor friluftsliv. 

Pris på linja finn du her

Sjå meir +

PAKKELISTE

• Ullstillongs og ulltrøye
• Varme kle
• Ullgenser og/eller dunjakke
• Vindtett jakke og bukse
• Lue, vottar og hals/skjerf
• Regnkle
• Fjellsko
• Fotposer til vinteren (dette kan skaffes iløpet av året)
• Ryggsekk: Bør romme 60 liter (dersom mindre, må du passe på at den har plass til sovepose og en del til).
• Dagstursekk: Bør romme min 30 (dersom den rommer mindre må du ha plass til skihjelm utenpå).
• Liggeunderlag
• Sovepose: Må være så varm at du kan sove ute om vinteren. (Det går an å kombinere ein sommerpose med ein 3-sesongspose på vinteren.)
• Hodelykt
• Kartmappe og kompass (gjerne med klinometer)
• Førstehjelpsutstyr
• Turbestikk, -tallerken og -kopp
• Kniv
• Ståltermos
• Drikkeflaske
• Matboksar
• Solbriller
• Skateboard, surfskate eller longboard
• Snowboard: Du treng splitboard. Kjøp gjerne brukt – og ta kontakt med oss om du lurer på noko angåande brett!
• Snowboardfeller tilpassa brettet
• Hjelm og skibriller
• Søkestang og snøspade
• Sykkel – dersom du har (til bruk i nærområdet til skulen)
• Dyne og pute
• Laken, dynetrekk og putevar
• Handkle
• Klehengarar
• Febermålar, paracet osv
• Kopp/glas/tallerken/skål/bestikk til å bruke på internatkjøkkenet
• Reiseforsikring: Alle elevar må ha eigen reiseforsikring.
• Innbuforsikring: Mange er dekt av foreldra si innbuforsikring, men sjekk for å vere sikker! Det er viktig at du har forsikring på tinga dine som du tek med.

NB! Du treng ikkje alt som står på lista frå skulestart. Det som høyrer vinterfriluftslivet til kan handlast inn i løpet av året.

Sjå meir +