Ledige stillingar som friluftslivlærar
Grunna ulike permisjonar mm har vi ledig både vikariat og fast stilling med oppstart 01.08.22.
Arbeidsoppgåver:
- Vere linjeleiar på ei av dei 9 friluftslivlinjene på skulen. Dette inneberer klasseleiing, planlegging og gjennomføring av turar.
- Undervise på ulike valfag, temadagar, fellesturar og prosjektveker.
- Sosialpedagogisk arbeid.
Ønska kvalifikasjonar:
- Relevant høgare utdanning innan frilufts-eller idrettsfag.
- Kompetansegjevande kurs innan ulike felt av friluftsliv.
- Erfaring frå arbeid på internatskule
- Førarkort minibuss
Personleg eignaheit vil verte tillagt vekt.
Personlege eigenskapar:
- Du må vere glad i å jobbe med ungdomar
- Du har stor arbeidskapasitet
- Du er fleksibel og oppteken av å finne løysingar
- Du er sjølvgåande, og har glede av å samarbeide med andre.
Nordfjord folkehøgskule er eigd av Normisjon. Den som vert tilsett må arbeide i tråd med det kristne grunnsynet skulen bygger på, og aktivt fremme dette.
Vi kan tilby:
- Løn og ordningar etter tariff
- Medlemskap i SPK
- Svært varierte og spennande arbeidskvardagar
- Motiverte elevar
- Eit stort og humørfylt kollegium
Søknad med CV og referansar kan sendast på mail til kontor@friluftslivskulen.no.
Frist: 17.03.22
For spørsmål, ta kontakt med Nordfjord folkehøgskule, på tlf. 57 86 80 40 eller mail: hildegunn@friluftslivskulen.no