Fotokonkurranse 2019

Vi fekk inn 533 bilete til årets fotokonkurranse. Ein jury har sila ut dei beste bileta, og her på denne sida finn du seks bildeserier med dei nominerte bilda, og vinnarane i kategoriane:
– NATUR
– MENNESKE I NATUREN
– PORTRETT
– LIVET PÅ SKULEN/INTERNATET
– OPEN KLASSE
– INSTAGRAM

Natur
Til kategorien Natur fekk vi inn 70 bilete, og av desse har juryen nominert 29 bilete. Her er  vinnarane og dei nominerte:

Menneske i naturen
Til kategorien Menneske i naturen fekk vi inn 184 bilete, og av desse har juryen nominert 42 bilete. Her er  vinnarane og dei nominerte:

Portrett
Til kategorien Portrett fekk vi inn 59 bilete, og av desse har juryen nominert 21 bilete. Her er  vinnarane og dei nominerte:

Livet på skulen/internatet
Til kategorien Livet på skulen/internatet fekk vi inn berre 12 bilete, og då vel juryen å ta med alle innleverte bilde i bildeseria:

Open klasse
Til kategorien Open klasse fekk vi inn  73 bilete, og av desse har juryen nominert 21 bilete. Her er  vinnarane og dei nominerte:

Nordfjord folkehøgskule på INSTAGRAM
Årets elevar har merka 137 av sine beste instagrambilde med #fotonf1819. Vil du sjå alle dei 137 instagrambilda, og sjå tekstane, kometarar og emneknaggar,  går du inn på denne linken: instagram.com/explore/tags/fotonf1819/  Og vil du sjå kva som blir lagt ut på Nordfjord folkehøgskule sin eigen konto, så finn du link her: @nordfjordfhs, og ynskjer du sjå ennå fleire av elevane sine opplevingar på Nordfjord folkehøgskule, så har elevane i løpet av dei siste åra merka meir enn 9500 bilde med #nordfjordfhs.

Instagram #fotonf1819
Her er  vinnarane og dei nominerte:

Årets bilde
Vinnar av Årets bilde for skuleåret 2018/2019 vart Mads Mehus. I starten av april var linja Friluftsliv/Ski og surf på tur med skulen sin Colin Archer-skøyta til Hjørundfjorden på Sunnmøre, og her fekk dei kombinere båtliv med toppturar i Sunnmørsalpane.