I prosjektvekene er timeplan eit framandord. Då er det store enkeltprosjekt i ei heil veke, og du kan for eksempel delta i tradisjonsmatlaging, toppturar, jakt, motorsagkurs, praktiske uteprosjekt, bibelskule, treningsleir, kystveke, vinter-telttur, kurs i trearbeid og keramikk eller kiting. Vi har tre ulike perioder med slike prosjektveker gjennom året. Oversikt over alle prosjekta finn du nedanfor.

Vi gjer oppmerksom på at prosjektveketilbodet kan variere noko frå år til år, avhengig av elevinteresse og talet på påmelde til dei enkelte faga.

Sport

Klatring i ulike hallar: Trivselshallen på Sandane, Hamna på Eid og Storhallen på Skei er aktuelle.

Her tek vi sikte på å prøve mange ulike sportar og aktivitetar. Noko har du kanskje prøvd før, medan noko er heilt nye for deg. Hovudfokus på aktivitet og leik, samtidig som vi skal øve å utvikle våre ferdigheiter. Aktivitetar som fotball, volleyball, badminton, squash, golf, disc-golf, og ulike variantar av desse er blant aktivitetane vi kan komme innom.

Friluftsliv

Sjå føre deg å suse bortover ei snødekt fjellvidde med vind i håret og ski på beina. Kjenne på kreftene vinden gjev når du får kiten opp i lufta… På dette faget skal vi finne både snø og vind, og nytte oss av desse elementa når vi skal lære å kite.

Vi drar til Sunnmøre og bur på Fjellseter Ungdomssenter, midt i smørauget mellom toppar, langrennsløyper og skitrekk. Strandafjellet ligg like ved, og blir det oppkøyrt der, kan vi trekke til et mindre lokalt anlegg, Fjellsetra. Toppane når vi med feller under skia og har du framleis meir energi og er opptatt av god glid, blir langrennsløypene stadig tråkket rett utafor. Dette blir ei uke med god stemning og moglegheit for å oppleve Sunnmøre på sitt beste. Vi håper pudderalarmen går!

Jakt på hjort. Vi bur i flotte jakthytter rett ved sjøen. Ei unik mogelegheit for deg med jegerprøva. Har du storviltprøve og eige våpen vert du prioritert.

Vi nyttar lokalområdet. Seglar på fjorden, prøvar fiskelukka. Søv i gapahuk, fyrer bål. Ei veke i nærområdet treng ikkje vere roleg, for her finns mange moglegheiter.

Kysten og havet er fylt av store kontrastar. Frå blikkstilt hav og sol i luggen til bølgesprut og storm i sydvesten. I dette landskapet har menneske levd i lange tider og etterlate seg mykje kultur og historie. Me går turar, lagar god mat, spelar både kort og musikk, og kanskje kan me lage litt julebakst og få oppleve noko av livet til fyrbøtarane. 

Fridykking er ei form for dykking i vatn, der du berre brukar den lufta du har i lungene, utan bruk av utstyr for å puste. Vi vil starte veka med å bli kjent med utstyret og litt dykking i Gloppefjorden. Det kan bli tur frå tysdag til torsdag til kysten.

Alle som ikkje har fridykkarutstyr må betale for kursavgift og leige av utstyrspakke. Martin Helseth er med som instruktør.

Dette blir ei god veke med påfyll for trua og surfesjela. Bibelundervisning, stille tid, lovsong og surf – kan det bli betre? Vi bur i Ervika på Stad og bur der onsdag til fredag. To av dagane blir vi i Hoddevika for å surfe. Resten av tida bruker vi til å ha fokus på eiga tru, Jesus-relasjonen og fellesskapet.

Vi syklar i skog og på fjell. Kan være litt tungt, men om du er motivert får vi det veldig gøy! Vi skal og få litt erfaring med å byggje sti. Det blir vedlikehald og utbetring av eksisterande sykkelstiar. Leige av sykkel er inkludert.

Dagar med elvepadling. For deg som allereie har hatt eit par dagar i elva frå før.

Kreativitet og handtverk

Skulen har eige keramikkrom med dreiebenkar og ovn. Her kan du nytte hendene til å lage flotte koppar og kar.

Dette er faget for deg som har lyst til å lære deg å sy, og vil prøve å sy dine eigne turklede. Kanskje du treng fotposar, vindvottar eller ein ny anorakk. Lue, buff, pakkpose eller hengekøye? Fleecegenser eller bomullsskjorte? Moglegheitene er mange og vi har mykje flott stoff og utstyr, så alt ligg til rette for at du skal få supplert litt på utstyrslista di og lært deg eit nyttig handverk. Du kan også nytte noko av tida til å få reparert litt på utstyret dit, lappa nokre hol eller sydd inn ei bukse.

Du kan få lage mindre ting i treverk, som eigen matboks i sveipeteknikk, kniv med slire, turkopp, smørekniv, pizzakniv, skjerefjøl og ostehøvel. Ønskjer du større prosjekt, som longboard bør du velje både tysdagar og prosjektveke, då får du sju dagar du kan jobbe.

Matlaging

Vi bakar lefser, gjærbakst, småkaker og julegodt. Avsluttar med ein julelunsj siste dagen.

Kurs og nyttig lærdom

Båtførarkurs og eksamen. Dersom båten er over 8 meter og/eller har 25 HK eller meir treng du båtførarprøve. Undervisning fram til lunsj.

Vi skal gjennomføre eit kurs som heiter Grunnkurs Hav. Du får då eit våtkort, eit bevis på at du har kurs innan kursstigen i Norges Padleforbund. Det er grunnleggande opplæring i padleteknikk og tryggleik på havet.

Kurs i motorsag og felling av trær. Kursdeltakar får opplæring i sikker felle- og kvisteteknikkar. Sikkerheit og sikkerheitsreglar. Deltakarane får innblikk i et aktuelt hogstopplegg. Motorsagkurset varer i to dagar og to dagar blir brukt i skogen til å praktisere det du har lært.