Friluftslivlærar
Epost: eirin@friluftslivskulen.no
Viss du skulle sjå nokon fyke forbi på eit longboard, ståande på hendene, så er sjansen ganske god for at det er Eirin. Ho er særdeles lite bekymra for å tryne, og har ei merkeleg evne til å fikse dei rareste aktivitetar. På mange måtar er ho som Pippi, og tenker:"det har eg ikkje prøvd før, så det klarer eg sikkert!" Det skal altså godt gjerast å kjede seg i lag med Eirin, til og med geitene vil henge med henne.