Aller lengst nord ligg det eit rike heilt på kanten av verda. Øyer, holmar og skjær dannar rammene for den ville og ekstremt vakre arktiske naturen.
På våren reiser Ekspedisjonsklassa på langtur til Svalbard. Oppkøyringa består i å lære å trekke pulk, øve på å slå leir, lage turmat og jobbe inn turrutiner. Sjølve ekspedisjonen varer i 12 dagar. Det betyr at det er lenge nok til å få bruk for det du har øvd på, i tillegg til at du får meistre nye og uventa ting.
Så legg ein i veg. Tung pulk og sterk forventning. Bortanfor all planlegginga ligg det du har venta på. Det er du, vinteren, reinsdyra, og kanskje, om du er heldig: polarreven og den store kvite bamsen.