Før ein starta på å bygge denne stien
var dette ein ubrukt skog 5 minutts
sykkeltur frå skuleplassen. No har vi,
ilag med Gloppen kommune, brukt
nokre tusen dugnadstimar og eit firma
som heiter Rekkje Stiutvikling på å
omskape det til ein herleg leikeplass.
Det er tidlegare elevar og tilsette ved
folkehøgskulen som har stått for veldig
mykje av dugnadsarbeidet.
Her har du utfordring nok uansett
kva nivå du er på når det gjeld sykling.
Skulen har klassesett med fulldempa
terrengsyklar som vert brukte
når linjene er på tur i området.