Dette blir berre nokre av ingrediensane når vi legg ut på tokt med Statsraad Lehmkuhl og seglar vestover til Shetland. Gled deg til flotte døgn som mannskap ombord på verdas største tremasta bark.

Undervegs er vi mannskap om bord og lærer vi mykje om segling, tauverk, navigasjon og livet på sjøen. Og så blir vi betre kjent med kvarandre. Det kan komme godt med resten av året.

2026 kvm kvit duk dekka til fest

Om skipet Statsraad Lehmkuhl

Statsraad Lehmkuhl er ein tremasta stålbark på 323 fot. Den er verdens største tremasta bark. Båten vart bygd i Tyskland i 1914, og held til i Bergen mellom dei ulike seglingsoppdraga. Dei siste to åra har Statsraaden vore på ei lang reise jorda rundt, der oppdraget m.a. har vore forsking på livet i dei store verdshava.

Den har i nesten heile denne perioden vore brukt som skuleskip. Statsraad Lehmkuhl har 22 segl med eit totalt seglareal på 2026 kvm.
Når alle segla er oppe er båten eit fantastisk skue. Som medseglar er eit av høgdepunkta å få vere med å sette segl, enten det er å dra i eit av skauta eller det er å klatre i riggen.

 

Frå toppen av høgste masta er det 48 meter ned til havflata. Her er fantastisk utsikt og masse kribling i magen. Båten er lettsegla, og med god bør kan han komme opp i 17 knops fart. Båten har eit fast mannskap på 23 personar som leier toktet.

Du finn meir info om skipet her: https://lehmkuhl.no

Om toktet

Dei siste åra har skipet kome og henta oss på Gloppefjorden like ved skulen. Etter å ha mønstra på skipet, brukar vi dei første timane til opplæring i sjømannskap og rutinar. Under overfarten er det vi som er mannskap, og vi tek del i vaktrutinar og seglmanøvrar.

Om bord i båten er det overnatting i hengekøye på banjeren. Det vert servert fire måltid god mat i løpet av dagen Maten vert laga av båten sin eigen kokk.

Alle som er med på turen vert kalla medseglarar og tar del i oppgåvene på eit av tre vaktlag. Rytmen om bord er 4 timar vakt og 8 timar kvile. Slik går dagane. Oppgåvene om bord er vakt, stå ved roret, vere med å sette segl, vasking m.m. Det blir og forhåpentlegvis tid og ver til å ligge på dekk å sole seg og lese bøker.  Etter ein dag i Lerwick på Shetland seglar vi til Bergen og så blir det buss tilbake til Nordfjord.

Poster Image
Sjå filmen