Ledige stillingar som friluftslivlærar

Grunna permisjonar har vi ledige to vikariat med oppstart 01.08.24:

Linjeleiar Friluftsliv/KRIK

Linjeleiar Friluftsliv/Vind og vatn

Arbeidsoppgåver:

  • Klasseleiing, planlegging og gjennomføring av turar.
  • Undervise på ulike valfag, temadagar, fellesturar og prosjektveker.
  • Sosialpedagogisk arbeid.

 

Ønska kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare utdanning innan frilufts-eller idrettsfag.
  • Kompetansegjevande kurs innan ulike felt av friluftsliv.
  • Erfaring frå arbeid på internatskule
  • Som linjeleiar på Friluftsliv/KRIK har ein i tillegg til friluftsliv særleg fokus på kristen tru og vekst, og leiartrening. Vi søker difor etter ein lærar med kompetanse innan kristendom, og med erfaring frå menighetsliv.
  • Førarkort minibuss

Personleg eignaheit vil verte tillagt vekt.


Personlege eigenskapar:

  • Du må vere glad i å jobbe med ungdomar
  • Du har stor arbeidskapasitet
  • Du er fleksibel og oppteken av å finne løysingar
  • Du er sjølvgåande, og har glede av å samarbeide med andre.

Nordfjord folkehøgskule er eigd av Normisjon.  Den som vert tilsett må arbeide i tråd med det kristne grunnsynet skulen bygger på, og aktivt fremme dette.


Vi kan tilby:

  • Løn og ordningar etter tariff
  • Medlemskap i SPK
  • Svært varierte og spennande arbeidskvardagar
  • Motiverte elevar
  • Eit stort og humørfylt kollegium

 

Søknad med CV og referansar kan sendast på mail til kontor@friluftslivskulen.no.
Frist: 25.03.24
For spørsmål, ta kontakt med Nordfjord folkehøgskule, på tlf. 57 86 80 40 eller mail: hildegunn@friluftslivskulen.no