Velkomen til «Ny på Nordfjord?»

Vi inviterer deg som lurar på om Nordfjord Folkehøgskule er plassen for deg.

Kom uforpliktande på besøk og sjå korleis ei helg kan vere her hjå oss. Fredag 25. oktober kl 17.00 til og med frukost søndag 27. oktober. Vi har vanleg program, eit møte på fredagskvelden med Thor Haavik, aktivitet på lørdags føremiddag og elevkveld seinare på dag. Du får måltid og overnatting gratis. Ta med utekle, eigne sengekle eller ein sovepose.

Påmeldingsskjema

Påmeldingsfrist er sett til måndag 21. oktober.