Valfagmodular
Vi delar skuleåret inn i tre valfagmodular. Vi har valfag på måndag og tysdag, og det er frå fem til åtte valfagveker i kvar modul. På måndagane er alle valfag på to timar, medan på tysdag går dei over heile dagen. Du velger valfag etter at du har kome til skulen.
Prosjektveker
I tillegg til valfag kan du velje mellom mange prosjekt som går over ei eller to veker. I prosjektvekene er timeplan eit framandord. Då er det store enkeltprosjekt i ei heil veke, og du kan for eksempel delta i tradisjonsmatlaging, toppturar, jakt, motorsagkurs, praktiske uteprosjekt, bibelskule, treningsleir, kystveke, vinter-telttur, kurs i trearbeid og keramikk eller kiting. Vi har tre ulike perioder med slike val-veker gjennom året. Oversikt over alle prosekta finn du lengst nede på denne sida.
Vi gjer oppmerksom på at valfag- og prosjektveketilbodet kan variere noko frå år til år, avhengig av elevinteresse og talet på påmelde til dei enkelte faga.
Bibel og ball
Hallidrett og bibellesing i skjønn foreining med idrettsutdanna teolog.
Bistand
Vi jobbar i lag med korleis vi kan samla inn gode pengar til sjukehuset i Okhaldhunga.
Buldring
Vi har ein 250 m2 stor innandørs klatrevegg og her vert det mykje buldring og litt skruing av ruter.
Båtførarkurs
Er båten over 8 meter og/eller har 25HK eller meir, må du ha båtførarbevis. I dette faget får du undervisninga du treng, og du får ta eksamen.
CrossFit
Crossfit/Functional fitness inspirert trening i skulens eigen boks. Vi skal lære teknikk, løfte vekter, svette, puste og nyte følelsen av ei intens og kjekk treningsøkt.
Din tur
I løpet av hausten kan du planlegge og gjennomføre din eigen tur, åleine eller i ei gruppe. I samarbeid med lærar finn du turmål, og lagar gode planar. Og så gjennomfører du turen, stolt og glad!
Fotball
Fotballtrening ute. Vi reiser til Sandane der vi har tilgang til stort treningsfelt, og der vi også kan leige kunstgrasbana. I desember har vi to lag med i ei folkehøgskuleturnering mellom 6 skular.
Fotografi
Gjennom eit år på Nordfjord har du unike høve til å ta flotte bilete. I dette faget får du grunnleggande kunnskap om teknikk og komposisjon, du får lære om og prøve turfoto/actionfoto og redigering.
Fridykking
Fridykking er ei form for dykking i vatn, der du berre brukar den lufta du har i lungene, utan bruk av utstyr for pusting. Tur til kysten eller Norangsdalen for å dykke. Inkl. leige utstyr og kurs.
Fyrvandring, kyst og kultur
Denne veka skal me ut å sjå og bu i fyr langs kysten, gå turar, lage god mat og få oppleve noko av livet til fyrbøtarane.
Handverksdagar: tre og keramikk
Du kan velje handverk som fag ei heil veke. Då kan du drive med smiing eller trearbeid, og om du vil kan du lage ditt eige longboard.
Havkajakk grunnkurs
Vi skal gjennomføre eit kurs som heiter «Grunnkurs hav». Dette er grunnleggande opplæring i padleteknikk og sikkerhet på havet. Du får Våttkort frå Norges Padleforbund.
Heilt grøn
Vi skal tenke grøne tankar og lære nye triks for å kunne være litt meir miljøvenleg i kvardagen. Vi skal lage såpe av m.a. kaffigrut, lage verdens beste salve, resirkulere papir og lage sunt snop.
Hybelkokken
Korleis overleve på studentøkonomi langt vekke fra kjøkkenskapet heime? Her lærer du korleis du kan lage enkle, raske og gode rettar – utan å tømme lommeboka fullstendig.
Jaktveke i Høyanger
Jakt på hjort i svært godt terreng. Vi bur i flotte jakthytter og lever det beste jegerlivet.
Jegerprøve
Eit praktisk og teoretisk kurs der du får tatt jegerprøva. Eksamenavgift er kr. 350,-
Julebakst og tradisjonsmat
Vi bakar lefser, gjærbakst, småkaker og julegodt. Avsluttar med fin julelunsj siste dagen.
Kite/toppturveke
Om du vil, og vêr og vind oppfører seg, blir det ei veke med kiting. Du får lære å bruke vind, kite og ski til å få fantastiske naturopplevingar. Vi reiser dit vinden bles.
Klatring
Lurer du på om klatring er noko for deg? Her får du prøve, og du treng ikkje ha erfaring. Vi reiser til Sageflåten og til klatrehallen på Sandane. Du kan ta brattkort-test i løpet av valfaget.
Klatring i hallar + isklatring
Du får muligheten til å prøve deg på klatring, og det krever ingen tidlegare erfaring. Klatring i ulike hallar. Kanskje blir det ein tur til Hemsedal og isklatring.
Langrenn
For deg som vil gå i Odd-Bjørn Hjelmeset sine skispor! Du lærer klassisk langrennsteknikk gjennom både øvingar og leik. Faget er for alle uansett erfaring.
Mat i det fri
Lær å lage god mat på bål. Du får lære ulike teknikkar, alt frå mat på steinhelle til heilgrilling av kalkun. Og vi lager sjølvsagt to retters middag kvar gong!
Motorsagkurs
Kursdeltaker får opplæring i sikker felle- og kvisteteknikker. Sikkerhet og sikkerhetsregler. Deltakerne får innblikk i et aktuelt hogstopplegg. Støtta av skogbrukarlaget.
Norskundervisning
Basic Norwegian. Both oral and written. Class will be held in the afternoon.
Ordets skole
Informasjon om valgfaget kjem.
Redesign
Kurs i omsying av kle eller å laga noko heilt nytt av gjenbruksmaterialler. Samarbeid med lokal gjenbruksbutikk www.upscaledesign.no
Skiinstruksjon/topptur
Du får instruksjon i telemark/alpint. Vi reiser til skianlegg i Nordfjord: Harpefossen og Stryn. Om det er mykje betre forhold i fjellet, går vi på topptur i staden.
Smiing
I smia får du lage bruksting og pynteting av glødande og kaldt materiale (jarn): Lysestakar, lampettar, rammer, beslag. Du lærer å lage knivblad, og du lærer krøllsmiing.
Sport og spel
Prøvar mange ulike sportar og aktivitetar som fotball, volleyball, badminton, squash. golf og disc-golf er blant aktivitetane vi kan komme innom.
Surf
Vi reiser til Hoddevika og surfar.
Surfeveke
Vi reiser til Hoddevika og surfar.
Terrengsykling
Vi syklar på grusvegar og fine stiar i nærområdet. Artige nedkøyringar og litt tunge oppoverbakkar. Pris er for leige av sykkel.
Terrengsykling og stibygging
Vi syklar i skog og på fjell, og vi lagar og utbetrar sykkelstiar. Er det snøfritt, får vi nokre turar litt opp i høgda. Kan vere litt slitsomt, men viss du er motivert får vi det veldig artig!
Topptur
Vi går toppturar på ski i området til skulen. Godt skiterreng rett utanom døra ventar deg.
Topptur/kite
Dette er for deg som vil lære å utnytte vinden med kite. Vi reiser dit der er snø og god vind. Om vinden avtar brukar vi beina, skia og fellene og går til toppen.
Topptur/skred
Eit fag for deg som vil lære meir om skredfare, skredvarsling og korleis gjere trygge vegval på tur.
Topptur/turleiing
Toppturar på ski. Målet er at du skal bli flinkare til å leie andre på tur. Vi roterer i gruppa slik at alle får god trening i å leie kvarandre og ta ansvar på tur.
Trearbeid
På sløyden kan du lage bruksting og pynteting som små møblar (små kister/skrin og skap), dreie skåler, lage tine og matboks. Du får prøve å dekorere med enkel treskjæring/karveskurd.
Trearbeid og keramikk
Vi nyttar sløyden til å lage nyttige ting av tre. På keramikken brukar vi ulike teknikkar, du får også prøve dreiing og glasering.
Trening og tur
Ulike formar for trening og tur. Ei heil veke med variasjon, svette og moro. Det blir uthald i form av løping og spinning. Styrke med og utan kroppsvekt, og crossbu-trening.
Utstyrslaging
Her får du sy dine eigne turklede. Kanskje du treng fotposar, vindvottar eller ein ny anorakk. Vi har mykje flott stoff og utstyr frå Norrøna, så du kan lage verkeleg flotte plagg og godt utstyr.
Bibelskule og surf
Dette blir ei god veke med påfyll for trua og surfesjela. Bibelundervisning, stille tid, lovsong og surf – kan det bli betre? Vi bur i Ervika på Stad og bur der onsdag til fredag. To av dagane blir vi i Hoddevika for å surfe. Resten av tida bruker vi til å ha fokus på eiga tru, Jesus-relasjonen og fellesskapet.
Båtførarkurs
Båtførarkurs og eksamen. Dersom båten er over 8 meter og/eller har 25 HK eller meir treng du båtførarprøve. Undervisning fram til lunsj.
Elvepadling
3 dagar med elvepadling. For deg som allereie har hatt eit par dagar i elva frå før. Spør læraren din om du er i tvil om klassa rekk elvepadling før veke 44.
Fjordboxen
Ei gøy veke med en grundig og solid innføring i functional fitness i et topp moderne lokale med alle fasiliteter. Du får god til å øve på teknikk og oppleve mestring innafor alle elementa i denne treningsforma. Det innebærer både vektløfting, gymnastics (kroppsvekt) og uthaldenheit. Vi bruker både stakemaskin, romaskin og sykkel. Vi dytter slede, hopper på boks og får opp pulsen. Det krever ingen forkunnskap innan trening eller erfaring med treningsformen. Det passer alle, og kan tilpasses alle nivå. Undervisning fram til lunsj.
Havkajakk grunnkurs
Vi skal gjennomføre eit kurs som heiter Grunnkurs Hav. Du får då eit våtkort, eit bevis på at du har kurs innan kursstigen i Norges Padleforbund. Det er grunnleggande opplæring i padleteknikk og tryggleik på havet.
Keramikk
Skulen har eige keramikkrom med dreiebenkar og ovn. Her kan du nytte hendene til å lage flotte koppar og kar.
Klatring
Klatring i ulike hallar: Trivselshallen på Sandane, Hamna på Eid og Storhallen på Skei er aktuelle.
Motorsagkurs
Kurs i motorsag og felling av trær. Kursdeltakar får opplæring i sikker felle- og kvisteteknikkar. Sikkerheit og sikkerheitsreglar. Deltakarane får innblikk i et aktuelt hogstopplegg. Motorsagkurset varer i to dagar og to dagar blir brukt i skogen til å praktisere det du har lært.
Terrengsykkel og stibygging
Vi syklar i skog og på fjell. Kan være litt tungt, men om du er motivert får vi det veldig gøy! Vi skal og få litt erfaring med å byggje sti. Det blir vedlikehald og utbetring av eksisterande sykkelstiar. Leige av sykkel er inkludert. Undervisning fram til lunsj.
Matlaging
Vi lagar god mat frå botn av. Undervisning fram til og med lunsj.
Bibelskule og surf
Dette blir ei god veke med påfyll for trua og surfesjela. Bibelundervisning, stille tid, lovsong og surf – kan det bli betre? Vi bur i Ervika på Stad og bur der onsdag til fredag. To av dagane blir vi i Hoddevika for å surfe. Resten av tida bruker vi til å ha fokus på eiga tru, Jesus-relasjonen og fellesskapet.
Din tur
Planlegg og gjennomfør din eigen tur. Frå tre til seks elevar er fin gruppestørels. Det må vere minimum to elevar i ei Din-tur-gruppe. Tidsramma er tur frå onsdag til fredag. I samarbeid med lærar finn du turmål, og lagar gode planar. Og så gjennomfører du turen, stolt og glad!
Fjordboxen
Ei gøy veke med en grundig og solid innføring i functional fitness i et topp moderne lokale med alle fasiliteter. Du får god til å øve på teknikk og oppleve mestring innafor alle elementa i denne treningsforma. Det innebærer både vektløfting, gymnastics (kroppsvekt) og uthaldenheit. Vi bruker både stakemaskin, romaskin og sykkel. Vi dytter slede, hopper på boks og får opp pulsen. Det krever ingen forkunnskap innan trening eller erfaring med treningsformen. Det passer alle, og kan tilpasses alle nivå. Undervisning fram til lunsj.
Fridykking
Fridykking er ei form for dykking i vatn, der du berre brukar den lufta du har i lungene, utan bruk av utstyr for å puste. Vi vil starte veka med å bli kjent med utstyret og litt dykking i Gloppefjorden. Det kan bli tur frå tysdag til torsdag til kysten.
Alle som ikkje har fridykkarutstyr må betale for kursavgift og leige av utstyrspakke. Martin Helseth er med som instruktør
Fyrvandring
Kysten og havet er fylt av store kontrastar. Frå blikkstilt hav og sol i luggen til bølgesprut og storm i sydvesten. I dette landskapet har menneske levd i lange tider og etterlate seg mykje kultur og historie. Me går turar, lagar god mat, spelar både kort og musikk, og kanskje kan me lage litt julebakst og få oppleve noko av livet til fyrbøtarane.
Gloppen er toppen
Vi nyttar lokalområdet. Seglar på fjorden, prøvar fiskelukka. Søv i gapahuk, fyrer bål. Ei veke i nærområdet treng ikkje vere roleg, for her finns mange moglegheiter.
Jaktveke i Høyanger
Jakt på hjort. Vi bur i flotte jakthytter rett ved sjøen. Ei unik mogelegheit for deg med jegerprøva. Har du storviltprøve og eige våpen vert du prioritert.
Keramikk
Skulen har eige keramikkrom med dreiebenkar og ovn. Her kan du nytte hendene til å lage flotte koppar og kar.
Sport og spel
Her tek vi sikte på å prøve mange ulike sportar og aktivitetar. Noko har du kanskje prøvd før, medan noko er heilt nye for deg. Hovudfokus på aktivitet og leik, samtidig som vi skal øve å utvikle våre ferdigheiter. Aktivitetar som fotball, volleyball, badminton, squash, golf, disc-golf, og ulike variantar av desse er blant aktivitetane vi kan komme innom.
Trearbeid/sløyd
Du kan få lage mindre ting i treverk, som eigen matboks i sveipeteknikk, kniv med slire, turkopp, smørekniv, pizzakniv, skjerefjøl og ostehøvel. Ønskjer du større prosjekt, som longboard bør du velje både tysdagar og prosjektveke, då får du sju dagar du kan jobbe.
Utstyrslaging
Dette er faget for deg som har lyst til å lære deg å sy, og vil prøve å sy dine eigne turklede. Kanskje du treng fotposar, vindvottar eller ein ny anorakk. Lue, buff, pakkpose eller hengekøye? Fleecegenser eller bomullsskjorte? Moglegheitene er mange og vi har mykje flott stoff og utstyr, så alt ligg til rette for at du skal få supplert litt på utstyrslista di og lært deg eit nyttig handverk. Du kan også nytte noko av tida til å få reparert litt på utstyret dit, lappa nokre hol eller sydd inn ei bukse.
Julebakst og tradisjonsmat
Vi bakar lefser, gjærbakst, småkaker og julegodt. Avsluttar med ein julelunsj siste dagen.
Sunnmøre – skianlegg og toppturar
Vi drar til Sunnmøre og bur på Fjellseter Ungdomssenter, midt i smørauget mellom toppar, langrennsløyper og skitrekk. Strandafjellet ligg like ved, og blir det oppkøyrt der, kan vi trekke til et mindre lokalt anlegg, Fjellsetra. Toppane når vi med feller under skia og har du framleis meir energi og er opptatt av god glid, blir langrennsløypene stadig tråkket rett utafor. Dette blir ei uke med god stemning og moglegheit for å oppleve Sunnmøre på sitt beste. Vi håper pudderalarmen går!
Trearbeid og smie
Du kan få lage matboks i sveipeteknikk, kniv med slire, turkopp, smørekniv, pizzakniv, skjerefjøl og ostehøvel. Vi prøvar og å fyre opp smia.
Kite
Sjå føre deg å suse bortover ei snødekt fjellvidde med vind i håret og ski på beina. Kjenne på kreftene vinden gjev når du får kiten opp i lufta… På dette faget skal vi finne både snø og vind, og nytte oss av desse elementa når vi skal lære å kite.
Gloppen er toppen
Skulen ligg midt i smørauget, mellom bre, fjell og fjord. Denne veka søv vi på skulen og ein lærar tek dykk med på nye eventyr kvar dag. Er det grisevêr klatrar vi, om snøen fell blir det skitur, om fjorden ligg der blank i vårsola, blir det padletur og mat på bål. Den som melder seg på får sjå. Variert blir det.