LUKK
Heim / Opplevingar / Å vere ute ei vinternatt åleine


Å vere ute ei vinternatt åleine

Du har sikkert høyrt uttrykket " han eller ho har vore ute ei vinternatt før!" Stadig fleire av elevane kan seie dette om seg sjølve,- og i tillegg har dei fleste også no prøvd å sove åleine ute ein vinternatt.




Det er vel ikkje til å stikke under ein stol at mange kvir seg litt for å sove åleine ute i den store Nordfjord-naturen. Mange har aldri prøvde det før, og hadde kanskje heller ikkje tenkt at dei kom til å ville prøve det heller!  Andre syns det er spennande, og nokre at det er direkte herleg å få god tid heilt for seg sjølv. Kvifor har vi dette på programmet kvart skuleår? Jo, vi trur det har ein stor verdi å få oppleve at det både er mogleg og kanskje til og med triveleg å overleve åleine på tur, også ei vinternatt.  Det er ikkje lagt opp som noko overlevingstur med lite eller ingen ressursar, tvert om er det lagt opp til at det skal vere greit å ta med litt god kaffi og mat, i tillegg til både sovepose og bålfyringsutstyr. Men digitale inntrykk vil vi gjerne at folk skal skjerme seg mot. Det er noko med å faktisk få med seg både lydar og lys, framfor å kikke på ein skjerm ein likegodt kunne sett på i stova. 

 

(foto: Hanne Mikkelson)

Og så traskar ein avgårde,- kvar til sin leirplass. I klårveir er det kanskje nokre som ser kvarandre sitt bål, men avstanden er såpass stor at ein ikkje skal vere i kontakt med andre.

(foto: Maria Aasdalen) 

Det pussige er at uansett korleis folk tenkjer før dei legg i veg; dei fleste kjem heim att veldig godt nøgde! For mange er det så klart ein siger å ha gjennomført. Like viktig er kanskje kjensla av at det elevane har lært gjennom året så langt faktisk funkar; det blir fyr på bålet om ein gjer det rett, det er mogleg å halde seg både tørr og varm sjølv om det regnar, det er viktig å tenke godt igjennom kvar ein legg leirplassen. Då vert det brått ei deilig og annleis overnatting som ein ikkje ville vore utan. Og julelys hevar naturlegvis opplevinga!

 

Welcome to my crib⛺️ Kem hadde trudd at aleinanatt sku bli så koselig? #nordfjordfhs #fhsliv

A photo posted by Lena Romsdal Moe (@lenarmoe) on

 

(forsidefoto: Maria Døsrønningen)

RELATERT INNHALD