Vi vil gjerne ynskje velkommen til familiedag her på Nordfjord folkehøgskule. Dette blir ein fin haustdag med godt fellesskap, fine naturopplevingar, god mat og underhaldning.
Familiedagen er laurdag 18. november, og vi gledar oss veldig til å få besøk hit til skulen. Påmeldingsfristen er fredag 3. november (sjå link til påmeldingsskjema lenger nede).
Her kjem ein oversikt over programmet for denne dagen.
Kl. 10.00 vert det felles oppmøte i amfiet i Trivselsskogen (sjå link nedanfor).
Dersom du treng transport kan du møte på skuleplassen 09.30 for felles transport inn til Trivselsskogen med skulen sine minibussar.
Til samlinga i Trivselsskogen møter du ferdig påkledd. Kle deg etter været. Vi skal være ute frå kl. 10.00 og fram mot kl. 14.00. Det kan være fint og ha med eit sitteunderlag å sitte på når vi et lunsj. Alle tek også med eigen kopp/drikkeflaske.
Dette vert ei samling for både elevar, familiebesøk og tilsette.
Kl 10.00: Fellessamling i amfiet i Trivselsskogen
Orientering om ulike turalternativa og plan for dagen.
Dei ulike turane/opplegga de kan velje mellom: Alle turane går på godt opparbeida stiar/grusveg som er tilrettelagt for alle.
• Bål ved gapahukane
• Samarbeidsaktivitetar (kort tur)
• Kjærleiksskogen (kort tur)
• Draumekvila (middels tur)
• Holvikfossen (lang tur)
Ca 11.30-12.30: Lunsj – Felles lunsj for alle ved gapahukane i Trivselsskogen. Pølse i brød.
Kl 14.00: Open skule
Alle foreldre møter i gymsalen til litt felles informasjon, orientering og bistandsprosjektet og korte framsyningar fra dei siste vekenes prosjekt.
Etter dette vert det ei omvising av skulen.
Kl 16.00-17.50: Middag – Middag og dessert vert servert i matsalen og Ljosborgstova. For at det ikkje skal bli altfor mykje kø, blir det linjedelt oppstart på måltidet.
Kl 18.00: Linjetreff – Dette er ei samling for føresette, i dei ulike stovene på huset.
Kl 19.30: Underhaldning
Kl 20.00: Kake/kaffi i Ljosborgstova
Etter samlinga i Trivselsskogen vert det litt tid til å skifte dersom du har lyst å bli kvitt bållukt. Antrekk for resten av dagen er halvfint.
Dersom nokon ynskjer frukost på søndag kan dykk bestille dette (50kr).
Overnatting
Skulen er full av elevar, så det betyr at vi ikkje kan tilby overnattingsplass her. Overnattingstipsa våre er:
Link til påmeldingsskjema: Påmeldingsskjema
Link til Trivselsskogen: Trivselsskogen