Her er våre opptaksregler;

  1. Opptaket startar 15. november og er rullerande.
  2. Søkarar over 18 år og under 26 år vert prioriterte.
  3. Tidlegare karakterar spelar ikkje inn på opptak. Motivasjon for fagleg og sosialt tilbod vert vektlagt.
  4. Skulen ønskjer mest mogleg jamn kjønnsfordeling på alle linjer.
  5. Søkarar som ikkje har gått folkehøgskule tidlegare vert prioriterte.

For at skuleåret skal verte så godt som mogleg for deg og dei andre som kjem hit, treng vi rammer rundt skulekvardagen, og difor treng vi eit felles skulereglement.