Vi søker etter ein kokk med fagbrev anten som institusjons-eller restaurantkokk, med gode samarbeidsevner og lyst til å vere med å utvikle skulen vidare.
Kjøkenleder har ansvaret for dagleg drift av kjøkenet. Dette består av internatdrift for ca. 120 elevar dagleg, i tillegg til catering og selskapsdrift. Kjøkenleiar har ansvar for bestillingar, og leier dei andre kokkene sitt arbeid, men har ikkje personalansvar.
Du må like å arbeide med ungdom, og vere glad i variasjon i kvardagen.
Skulen er eigd av Normisjon region Sogn og Fjordane.
Vi tilbyr strukturert arbeidstid, og konkurransedyktige lønnsvilkår. Arbeidsmiljøet er godt og kjøkenleiar er ein del av ein stab på omlag 25 andre på skulen.
Kjøkenet er godt utstyrt og har godt tilpassa arbeidssoner.
Du får mykje frihet til å utvikle menyar og å vere kreativ.
Nordfjord folkehøgskule er eigd av Normisjon. Den som vert tilsett må arbeide i tråd med det kristne grunnsynet skulen bygger på.
Søknad sendast til: hildegunn@friluftslivskulen.no
Frist: 01.06.26