80 % vikariat som kokk

Vi har ledig vikariat frå 1. august, for eitt år, som kokk på skulen.

Kokkane våre lagar mat til elevane på skulen, både kvardagar og helg. I tillegg leverer ein catering og har ansvar for selskapsmat på huset.

Arbeidet er turnusbasert.

Vi søker deg som likar å arbeide blant ungdom, og som vil vere ein viktig del av eit stort kollegium.

Du har fagbrev som kokk, eller praksis/erfaring som kompenserer evt. manglande formalkompetanse.

 

Søknad med CV og referansar kan sendast på mail til kontor@friluftslivskulen.no.
Frist: 15.04.26

Nordfjord folkehøgskule er eigd av Normisjon.  Den som vert tilsett må arbeide i tråd med det kristne grunnsynet skulen bygger på.

For spørsmål, ta kontakt med Nordfjord folkehøgskule, på tlf. 57 86 80 40 eller mail: kontor@friluftslivskulen.no.