Du kan glede deg! Sport og friluftsliv er spekka med alt som er gøy, i eit fantastisk område. Vestlandet er vår læringsarena og leikeplass. Du vil få utfordra deg med elvekajakk i brusande elver i Nordfjord, surfebrett i rullande bølgjer i Hoddevik, ski i vakre Sunnmøresfjell, og sykkel på flytstiar i Nesbyen. Samtidig vil du få opp pulsen i Crossbu, testa konkurranseinnstinktet i ulike nettidrettar som volleyball og padel, og utforska nye spennande vannsportar som wakeboard og dødsing. Det blir også mogleg å øve inn saltoen i turnhallen, og mykje mykje meir. Eit år med Friluftsliv/Sport blir rett og slett eit år med alt!

Innhald på linja

Vegen til golf (kurs)
3 dagar
Ballsport
4 dagar
Vannsport
4 dagar
Nettsport
2 dagar
Crossfit
5 dagar
Sport du ikkje har prøvd før, feks. leirdueskyting, ishockey, go-kart, paintball
4 dagar
Surfing i Hoddevik
3 dagar
Elvepadling
2 dagar
Terrengsykling
2 dagar
Tinderangling
3 dagar
Klatring
3 dagar
Skianlegg og topptur
6 dagar
Via Ferrata
1 dag
Skredkurs
5 dagar
Kokelagstur
3 dagar
Førstehjelpskurs
2 dagar
Via Ferrata
1 dag
Felles snøholetur
3 dagar
Skikurs i Hemsedal
5 dagar
Pilegrimsvandring
3 dagar
Sjå meir +
Poster Image
Sjå filmen
"Eg lurte på om eg skulle gå på ein skule med stor utanlandstur, men så fann eg ut at dette året ville eg heller bli kjent med det norske."
- Marthe Bjella

PAKKELISTE

* Ullstillongs og ulltrøye, to sett
• Varme kle
• Ullgenser og/eller dunjakke
• Vindtett jakke og bukse
• Lue, vottar og hals/skjerf
• Vindvottar
• Regnkle
• Fjellsko
• Kle og sko til trening både ute og inne. Hugs sko med lyse såler til trening inne.
• Badetøy
• Ryggsekk: Bør romme min. 70l
• Dagstursekk: Bør romme min. 30l
• Liggeunderlag
• Sovepose: Må være så varm at du kan sove ute om vinteren. (Det går an å kombinere ein sommerpose med ein 3-sesongspose på vinteren.)
• Hodelykt
• Kartmappe
• Kompass (gjerne med klinometer/hellingsmåler)
• Førstehjelpsutstyr
• Turbestikk, -tallerken og -kopp
• Kniv
• Ståltermos
• Drikkeflaske
• Matboksar til tur og til matpakke på skulen (Isboks funkar fint)
• Solbriller
• Skiutstyr: Randonee eller telemarkski med stålkantar.
• Skifeller tilpassa skia
• Skihjelm
• Skibriller
• Søkestang
• Snøspade
• Sykkel og sykkelhjelm til bruk i nærområdet
• Dyne og pute
• Laken, dynetrekk og putevar
• Handkle
• Klehengarar
• Febermålar, paracet osv
• Kopp/glas/tallerken/skål/bestikk til å bruke på internatkjøkkenet
• Pass
• Reiseforsikring: Alle elevar må ha eigen reiseforsikring.
• Innbuforsikring: Mange er dekt av foreldra si innbuforsikring, men sjekk for å vere sikker! Det er viktig at du har forsikring på tinga dine som du tek med.

NB! Du treng ikkje alt som står på lista frå skulestart. Det som høyrer vinterfriluftslivet til kan handlast inn i løpet av året.

 

Sjå meir +