Jubileumsboka er eit knippe historier om kva som skjer når unge menneske slepp prestasjonspress og kan søke innover i seg sjølv og utover mot andre.

 Sabla Bra er ein reklame- og designkonkurranse på Sørlandet. Formålet med konkurransen er å vise det beste av kommunikasjon og design frå landsdelen. Prisutdelinga gjekk av stabelen i Kristiansand torsdag 16. oktober. Grunnen til at ei bok frå Nordfjord vann pris på Sørlandet, er at designbyråret Innoventi, som folkehøgskulen har samarbeida med i mange år, held til i Arendal. 

– Innoventi er stolte av å vere med på denne flotte jubileumsboka, seier Ståle Almenning. Han er opprinneleg frå Gloppen, og har jobba med Nordfjord folkehøgskule i over tredve år. – Arve Sandal og Odd Harald Halse har gjort ein fantastisk jobb med idéar, tekstar og bilder. Vår oppgåve har vore å formgje innhaldet, seier Almenning. 

Boka har tittelen Varige Spor, og vart gjeve ut i anledning Nordfjord folkehøgskule sitt 100- årsjubileum. Den er ei stor praktbok på over 300 sider. 

– Å skrive ei bok om hundre års folkehøgskulehistorie handlar om å gjere mange val, seier rektor på Nordfjord folkehøgskule, Hildegunn Tennebø. – Vi vart enige om å lage ei bok om menneske som på ulikt vis har prega skulen, og om alle dei som har erfart at eit skuleår på Vereide set varige spor. 

Juryen si begrunning var som følger: “Håndverket er av høyeste kvalitet, og det historiske innholdet formidles på en måte som gjør inntrykk gjennom hele arbeidet. Både design- og fortellingselementene er helhetlige, og hver detalj føles gjennomtenkt og meningsfull ut.” 

– Prisen i Sabla Bra var vel fortent, syns vi. Det er kjekt at boka framleis blir lagt positivt merke til, avsluttar Tennebø.