Det er lenge sidan sist, og for mange er det faktisk veldig lenge sidan. I sommar får de muligheten til å treffe igjen gamle vener og kjenningar, sjekke hukommelsen, pugge namn og fjes, oppdatere om siste nytt, gjenoppdage sterke band, tenkje tilbake på ville medelevar og gode opplevingar. Velkomen tilbake til Nordfjord!
Vi har planlagt eit program for helga, og håpar du gledar deg til å være med. Det er absolutt kjekkast på elevstemne når mange møter opp, så vi vil oppfordre til at de tek kontakt med kvarandre i forkant og inspirer og oppfordrar kvarandre til å møtast.
Det er kjekt om dei som har bilde frå folkehøgskuleåret tek dei med, anten i album eller på ein minnepenn. Om nokon ynskjer å bidra med programinnslag under samlingane, er det fint om de tek kontakt med oss her på skulen på førehand, så blir det enklare å planlegge.
Fredag 12.
18.00 – Innsjekk (internat, telt, camping)
19.00 – Kveldsmat
20.30 – Kullsamling
21.30 – Ord for kvelden felles
22.00 – Fyr i Båltun, kiosksalg der ute
Laurdag 13.
08.30 – Frukost m/nistesmøring
09.30 – Ord for dagen
10.00 – Tre ulike alternativ:
– Lang tur
– Kort tur, evt. på fjorden med kajakk osv.
– På tunet, Sandane, Trivselsskogen osv.
Nistelunsj undervegs
17.00 – Festmiddag og dessert
18.30 – Kullsamling
20.00 – Fellessamling
Noko å bita i
22.00 – Volleyballkampar eller anna
Båltun utover natta
Søndag 14.
08.30 – Frukost
Utsjekk
10.00 – Ord for dagen
Takk for no!
De kan bu på dobbeltrom, enkeltrom, madrass i klasserom eller ta med deg telt/bubil og campe på skuleområdet. Nokre av dokke bur kanskje så nær skulen at de søv heime. Nedanfor ser de prisoversikt for elevstemne med dei ulike overnattingsalternativa.
Elevstemne + dobbeltrom med bad: 2295,-
Elevstemne + enkeltrom med bad: 2495,-
Elevstemne + madrass i klasserom med tilgang til garderobe: 1495,-
Elevstemne + telt/bubil på skuleplassen med tilgang til garderobe: 1495,-
Elevstemne uten overnatting (søv heime): 1245,-
Kjem kun på festmiddag og festprogram laurdag, søv heime: 805,-
Leige av sengetøy 100,-
Det er veldig praktisk om så mange som mogleg førehandsbetaler. Du kan også betale med kort medan du er her på elevstemne. Om du kan førehandsbetale, sjå betalingsinfo nedanfor:
Vipps
– Søk opp vipps-nummer: 85971
– Velg Nordfjord folkehøgskule, trykk på kategorien «Elevstemne sommaren 2026»
– Skriv inn gjeldande beløp (sjå prisar i avsnittet ovanfor) og betal
Vi håpar sjølvsagt at du har både anledning og lyst til å komme denne helga. Vi gledar oss til å ta dokke imot og sørge for at de får ei minneverdig helg!
Dersom du vil komme, meld deg på nedanfor!
Påmeldingsskjema
Påmeldingsfrist 15.mai!