Vi har ledig vikariat frå 1. august, for eitt år, som kokk på skulen.
Kokkane våre lagar mat til elevane på skulen, både kvardagar og helg. I tillegg leverer ein catering og har ansvar for selskapsmat på huset.
Arbeidet er turnusbasert.
Vi søker deg som likar å arbeide blant ungdom, og som vil vere ein viktig del av eit stort kollegium.
Du har fagbrev som kokk, eller praksis/erfaring som kompenserer evt. manglande formalkompetanse.
Søknad med CV og referansar kan sendast på mail til kontor@friluftslivskulen.no.
Frist: 15.04.26
Nordfjord folkehøgskule er eigd av Normisjon. Den som vert tilsett må arbeide i tråd med det kristne grunnsynet skulen bygger på.
For spørsmål, ta kontakt med Nordfjord folkehøgskule, på tlf. 57 86 80 40 eller mail: kontor@friluftslivskulen.no.