LUKK
Heim / Fag / Linjefag / Vegleiing

Linjefag: VegleiingNår eit år ikkje er nok

For nokre blir ti månader i Nordfjord for lite. Dei vil ha meir friluftsliv, og fleire utfordringar. Går du på Friluftsliv/Vegleiing er du stipendiat på skulen. For å få plass på denne linja må du ha eit år med friluftslivutdanning frå folkehøgskule eller tilsvarande bakgrunn.

Som stipendiat får du prøve deg som vegleiar for andre elevar på tur, og du får praksis med elevane på Bu og fritid. På ettermiddags- og kveldstid er du aktivt med i det sosiale miljøet på skulen. Du får undervisning og rettleiing, og personalet gir deg tett oppfølging. Før skulestart får du brekurs, og i løpet av året får du eigne kurs i bre/klatring, skred og skiinstruksjon.

Eit år der du gir veldig mykje av deg sjølv. Og får uendeleg mykje tilbake.

 



Vegleiing innhald

Her er nokre stikkord for linja:

Friluftslivlære
Vegleiarpraksis
Miljøarbeid
Pedagogikk
Spesialpedagogikk
Leiarutvikling
Personleg utvikling
Gruppeprosessar
Leiingsteori
Skredkurs
Brekurs
Klatrekurs

 

1loe07762

Stipendiatane ved Nordfjord folkehøgskule 2015/2016.

 

 

Her er link til: Arbeidsoppgåver, økonomi og informasjon om stipendiat-søknad


BILDESERIAR, TURRAPPORTAR OG ANNA FRÅ Vegleiing