Internatleiar
Epost: grethe@friluftslivskulen.no
Grethe er uvanleg glad i kattar, blinkelys og ein god latter. Ho held styr på vasking og rydding, og er sjølvskriven lettmatros på turen med Statsraad Lehmkuhl, som ho berre elskar. Når elevane vert sjuke er det som oftast Grethe som stikk hovudet innom, og ho finn lett ut av om du treng paracet eller berre litt venleg omsorg.