Årlege undersøkingar, utført av EPSI, eit uavhengig byrå, viser at våre elevar er svært godt fornøgde med skuleåret dei får hos oss. Vi scorar ekstra høgt på spørsmål som angår opplegg og dyktige tilsette, og på om elevane vil anbefale oss til andre. Særleg blir det gode miljøet på tvers av klasser og høgt fagleg fokus sett pris på. At skulen har ein tydeleg kristen profil er også svært viktig for mange.
Også i nasjonale elevundersøkelsar i regi av folkehøgskulekontoret seier elevane at året hos oss har vore knallbra, og absolutt verdt investeringa.
Kor og godt: Nordfjord- best i test!
Vi er skikkeleg stolte av tilbodet som skulen tilbyr! Nordfjord er den største friluftslivsskulen i Norge, og skiller seg difor ut frå mange andre skular. Om du er interessert i natur og uteliv er det klart at du må velge oss! Miljøet vårt er prega av godt samhald mellom folk med samme interesser.
Her treff du garantert andre som er opptekne av det same som du,- om det er ski, lange turar, teltliv, eller mat på bål. Eller kanskje du treff nokon å teame opp med i planlegginga av din neste draumetur?
Dei siste 20 åra har det vore kun friluftslivlinjer på skulen, og vi jobbar stadig vekk med å oppdatere tilbodet slik at det skal vere relevant for nye elevar.