Vi ønskjer å invitere deg til ei veke full av opplevingar, utfordringar, leik, moro, og møte med både kjende og nye menneske. Kanskje du vil prøve ei natt i telt? Kanskje blir det ein fotballsiger? Eller kanskje ein fjelltur med niste og saft?

Med vinden i ryggen
Når: 2. – 6. juni 2025
Kvar: Nordfjord folkehøgskule på Vereide i Gloppen
Kva: Sommarleir for ungdom med nedsett funksjonsevne
Søknadsfrist: 1. april

 

Sommarleir for ungdom er ikkje berre for tenåringar, men for alle som kjenner seg unge og har lyst til å vere med. Du kan ha med deg ein eigen hjelpar på kurset, eller du kan melde deg på åleine. Alle får god og nær oppfølging på leiren: Vi  som er ansvarlege for leiren er lærarar og miljøarbeidarar på linja Bu og fritid på folkehøgskulen, og i tillegg er det fleire assistentar.

Ein dag ser omlag slik ut:

08.00 Frukost

09.00 Morgonsamling i Ljosborgstova
-Ord for dagen
-Song og dans
-Informasjon om dagen

09.30 Aktivitet i grupper, eller alle samla

11.30 Lunsj

12.30 Aktivitet i grupper, eller alle samla

15.30 Middag
-Tysdag, onsdag og torsdag er det open kiosk etter middag

18.00 Kveldsaktivitetar
– Fotballkamp med heiagjeng
– Bålkos
– Leik og moro
– Programkveld med dans etterpå

20.00 Kveldsmat

21.00 Kveldsamling i Ljosborgstova, eller ute
– Forteljing og song

22.00 Ro for kvelden. 

Aktivitetar

Felles aktivitetar:
-Gardsbesøk (med moglegheit for å gå ein tur om ein ikkje vil vere nær dyr)
-Tur til Veslevatnet. Der blir det anledning til å padle i kano, lage mat på bål, leik, og gå tur
-Lage program til programkvelden
-Tur til Tin Camp i Trivselskogen, med forskjellige turmål

 

Valfrie aktivitetar i grupper: 
-Riding
-Matlaging
-Forming 
-Golf
-Tur
-Pynte til programkveld 

 

Start og slutt
Leiren startar måndag  kl 12.00. Vi kan ta i mot deltakar frå kl 11.00. Det er ikkje høve til å kome før dette tidspunkt, fordi då er alle leiarane og assistentane på planleggingsmøte.

Leiren sluttar fredag kl 14.00, og alle må reise/verte henta før kl 16.00.

Søknad
Alle som har lyst til å komme på leiren må søkje om plass, dette gjerast via søknadsskjema. Du kan søke mellom 1. mars – 1. april. Søknadsskjema finn du her: Søknadsskjema

I søknadsskjema må du fylle ut dei opplysningane vi bør ha for å gje deg rett støtte og oppfølging under leiren.

Dersom du treng tilsyn om natta eller annan tett oppfølging i høve til måltid og/eller personleg stell, må du ha med deg eigen hjelpar. Kjem du på leiren for fyrste gong må du også ha med eigen hjelpar. Alle opplysningar vert handsama konfidensielt. Arrangør er Nordfjord folkehøgskule.

Søknadsfrist: 1. april
Du er velkomen som søkjar!

Pris: 6.300,-
Pris for medhjelpar: 2.000,-

 

 

Leiarar
Vi er mange leiarar, og vi gledar oss til å lage ein god leir for deg. Nokre av oss jobbar på Nordfjord folkehøgskule heile året, på ei linje som heiter Bu og fritid. Dette er ei linje for ungdom med med nedsett funksjonsevne, og vi har lang erfaring med tilrettelegging av undervisnings- og fritidstilbod.
Les meir om linja Bu og fritid her.

Dei som får plass på kurset vil få tilsendt pakkeliste og meir informasjon.

Velkommen til spennande dagar på
Nordfjord folkehøgskule!