Nordfjord folkehøgskule kan hjelpe deg med servering og lokale til selskap, jubileum og andre dagar som skal feirast.
Vi kan tilby varme rettar til utlevering til det tidspunktet du som kunde skal ha det. Vi lagar både festmiddagar til for eksempel bursdagar eller barnedåp, eller enklare rettar til større organisasjonar.
Vi arrangerer minnesamver, selskap, barnedåp, konfirmasjonar og slektstemner i våre lokaler.
Pris per person: (ink.mva)
Born er gratis til og med 4 år
Born 5-12 år 1/2 pris
Alle over 13 år betalar full pris
Drikke:
Vatn er inkludert til alle måltid.
Saft er inkludert om ynskeleg.
Gjestane/arrangørane har høve til å ta med brus/anna alkoholfri drikke til maten.
I prisane er det inkludert dukar, lys(kvite), serviettar(kvite) og dekking.
Blomar, lys og serviettar i andre fargar held de sjølv.
Det er ikkje høve til å ta med restar heim frå buffet.