Skuleåret startar med opningsfesten, og du kjem til skulen denne dagen. Dersom du kjem tidleg på dag, har du god tid til å flytte inn på rommet ditt før programmet startar 15.00.
Du har gjerne med deg foreldre, søsken eller andre som køyrer flyttelass for deg- dei er sjølvsagt også inviterte til opningsfesten! Det blir fyrst litt program i gymsalen, så blir det mat til alle, både levar, tilsette og foreldre/andre de har med dokke. Det er kkje noko påmelding, berre møt opp! 🙂
Vi har dessverre ikkje overnattingsplass for foreldre/familie (internata våre er fulle av elevar), så vi anbefalar at dei bestiller overnatting for eksempel her:
Sandane
Gloppen hotell eller Gloppen camping
Skei
Thon Hotel Jølster eller Skei servicenter (hytter/camping)
Loen:
Hotel Alexandra
Nordfjordeid:
Nordfjord hotell, Skrivargarden
Det er også mange Airbnb- muligheter rundt Sandane og omegn.
Når du skal reise hit, kjem du truleg med buss, bil eller fly. Flyplassen heiter Sandane lufthamn, Anda, og ligg 4 km frå skulen. E39 går rett forbi skulen, så å reise med buss hit er veldig greit. Busstoppet heiter Vereide kryss. Skal du køyre bil er oppskrifta slik: frå nord køyrer du om Otta og Stryn eller evt E39 sørover langs kysten. Frå sør/vest tek du E39 nordover. Frå sør/aust køyrer du Filefjell/Hemsedal – Sogndal – Skei eller Otta – Stryn.
Skulen ligg like ved E39 mellom Sandane og Anda ferjekai, så berre hald deg på E39 heilt til du ser skiltet som viser veg til skulen.
Vi gledar oss til å treffe deg, velkommen til oss!