LOGGBOKA 07.05.2018

Pilgrimsvandring

Når året går mot slutten legg vi ut på vandring.

Det er mange ting å tenke på og fundere over på slutten av eit folkehøgskuleår, men når det er full trøkk overalt rundt ein er det ikkje så lett å få det til alltid. Å legge ut på ei tredagars pilgrimsferd hjelper i alle fall litt når tankane skal sorterast.

Vi har gått ruta frå Ervik, via Hoddeviksfjellet til Indre Fure, og derifrå frå Dragseidet og over til Liset. Sidan med båt over frå Selje til Selja, som var målet for pilgrimsvandringa. Der ute, i kyrkjeruinar som er over 1000 år gamle, feira vi gudsteneste og hadde leir ut mot Stadthavet.

No er det berre siste resten av året igjen. Rapport frå avslutningar kjem i neste loggbok! Ta gjerne fram Kleenex allereie.

 

Forsidefoto: Pauline Mørner