– leiingsteori og turleiarrolla
– friluftslivpedagogikk og vegleiarlære
– gruppeprosessar
– spesialpedagogikk
– friluftslivet sin eigenart, friluftsliv – kultur og samfunn
– seminar
Oppgåver
– praksis som vegleiar på linjeturar og fellesturar
– praksis på linja Bu og fritid
– miljøarbeid
Kurs
Det vert organisert eigne kurs for stipendiatgruppa. Kurs: bre/klatring, skred og skiinstruktør
Økonomi
DU FÅR:
– stipend frå Statens Lånekasse
– fri kost og losji
– dekt kostnadane på den linja du er knytta til og på alle fellesopplegg
– dekt kurs: bre/klatring, skred og skiinstruktør
DU BETALAR FOR:
– prosjektveker
– evt. utanlandstur på eigen eller andres linjer. Kostnaden kan reduserast i samband med oppgåver stipendiaten vert pålagt i samband med desse.
Turnus
Praksisen på Bu og fritid blir organisert i turnus. I løpet av fire veker har du to turnusperiodar som assistent/hjelpar på denne linja. Den eine turnusen går frå måndag til fredag og den andre turnusen er på laurdag og søndag.
Søknad
– I søknaden vil vi at du skal skrive noko om kvifor du vil vere stipendiat og kva du ynskjer å få jobbe mest med. Skriv også om du har arbeidserfaring, om du har vore aktivt med i barne- og ungdomsarbeid eller liknande.
– Skriv kva linjer som kan vere aktuelle for deg, og kva linje som er ditt førsteval. Og om du eventuelt kan tenke deg å vere mediatstipendiat.
– Du må ha førarkort for bil.
– Det er eit ynskje om at stipendiaten kan gå aktivt inn i det kristne arbeidet ved skulen.
– Er det noko du lurer på, kan du få meir informasjon ved å ta kontakt med rektor eller inspektør.
– Du søkjer elektronisk og brukar det vanlege søknadsskjema som du finn på heimesida vår.
Søknadsfrist: 25. februar 2025