Friluftsliv / Ski

Eit år med det kvite gull

Det handlar om å vere der når det skjer. Når snøen dalar lett i fjellet seinhausten og årets første spor blir lagt. Eller når det dumpar i skianlegga på Vestlandet midtvinters. Og når slushen i Jotunheimen er perfekt litt utpå våren. Vi søker alltid etter den gode snøen, og hiv alt anna når skiføret er godt.  
Gjennom vinteren prioriterar vi skiheis for å få kjørt mest mogleg på ski. På hausten brukar vi tida på å førebu oss mot vinteren med blant anna heisbasert stisykling, turn, ski-spesifikk trening. I tillegg skal du få lære korleis du lager din eigen skifilm.

Skianlegg
12 dagar
Topptur
5 dagar
Pudderjakt i Norge
8 dagar
Ski og segl på Sunnmøre
5 dagar
Basecamp og ski i Jotunheimen
3 dagar
Stisykling i nærområdet og Nesbyen
5 dagar
Heisbasert sykling i Hafjell
2 dagar
Skikøyring på Galdhøpiggen skisenter
3 dagar
Brekurs for skikøyrarar
2 dagar
Turn og akrobatikk
2 dagar
Kurs i film og redigering
2 dagar
Elvepadling
3 dagar
Surfing
2 dagar
Skredkurs
5 dagar
Kokelagstur
3 dagar
Førstehjelpskurs
2 dagar
Via ferrata
1 dag
Felles topptur
3 dagar
Vestlandsfavoritter - felles skuletur til Flåm, Finse, Aurland og Utladalen
5 dagar
Skiveke i Hemsedal
5 dagar
Pilgrimsvandring
3 dagar
Sjå meir +

MEIR INFORMASJON OM TILBODET PÅ LINJA

Ski er naturlegvis den raude tråden på linja Friluftsliv/Ski. Dette er i fokus heile året, men sjølvsagt i størst grad etter jul.  

Iløpet av hausten vil vi få prøvd ut mange ulike aktivitetar, men stisyklane til skulen vil vi bruke ekstra mykje. Vi vil sykle både i nærområdet og reise til andre kjende syklestader, og vi vil også ha ein tur til Hafjell for å prøve ut downhillsykling i anlegget der. Det vil også bli instruksjon slik at alle kan oppleve meistring og utvikling på sykkelsetet. I tillegg vil du få prøvd blant anna surfing, elvepadling, og Via Ferrata.  

Hausten vil også bli brukt til å fokusere på akrobatikk og basistrening mot vinteren. Dette for å kunne halde ut lange dagar i skibakken og på topptur, og for å kunne stå best mogleg teknisk på ski. Kanskje greier vi også å leggje grunnlaget for å ta backflip, eller 360 på ski til vinteren? Alle kjem også til å få kurs innanfor film og redigering slik at vi på best mogleg måte kan forevige vinterens høgdepunkt på video.  

Når oktober kjem og vinteren forhåpentligvis melder sin ankomst reiser vi til Galdhøpiggen skisenter for å starte sesongen i skianlegget der. I november og desember oppsøker vi også skiforhold dersom det er mogleg å finne i nærområdet.  

Vinteren kjem i stor grad til å handle om å finne dei beste skiforholda og stå mest mogleg på ski. Denne linja kjem til å bruke mykje tid i skianlegg for å få mest mogleg mengde og skikjøring, men vi går også topptur for å få god snø. Vi kjem også til å gjennomføre eit meir omfattande skredkurs enn dei andre linjene gjer, for å få ei enda betre forståing for dette når vi er i fjellet. Våre hovedturar på vinteren er Pudderjakt i februar, der vi pakkar bussen og køyrer rundt i Noreg i 8 dagar for å stå på ski og gå topptur i ulike anlegg og områder. I april seglar vi inn Hjørundfjorden med skulen sin seglbåt og går toppturar i vakre Sunnmørsalpane. Vi vil også utforske Jotunheimen med ski og fellar utpå våren. Livet i basecamp er fint denne tida på året. Her vil det også bli gjennomført eit brekurs for skikøyrarar, som kan opne nye områder for toppturar. 

Sjå meir +

PAKKELISTE

• Sovepose: Bør vere så varm at du kan sove ute om vinteren. Eventuelt kombinere bruk av to tynnare posar.
• Liggeunderlag
• Fjellstøvlar
• Ullstillongs og ulltrøye
• Ullgensar og/eller dunjakke
• Varme kle
• Hue, vottar, hals
• Vindtett jakke, bukse og vottar
• Solbriller
• Regnkle
• Ryggsekk: Bør romme min. 55 liter.
• Dagstursekk: minst 30 liter, godt bæresystem + feste for ski
• Turbestikk, -tallerken og -kopp
• Termos og matboksar
• Kniv
• Hovudlykt
• Kartmappe og kompass + hellingsmålar eller kompass med klinometer
• Randonneski eller telemarkski. Støvler med gåfunskjon, ikkje lærsko. Skal du kjøpe ski? Sjå etter ski med om lag 100mm breidde på midten, og støvlar og binding med gåfunksjon. Dette gjeld uansett om du vil ha telemarkski eller randonnè. Til lettare ski og sko er, til betre er dei på tur, men dette går etter kvart utover køyreeigenskapane ned, om du ynskjer å prioritere det. Vi kjem til å bruke skia cirka like mykje til alpinalegg som til topptur. Ta kontakt om du lurer på val av ski, binding og sko, og hugs at det er mykje fint brukt og til utlån!
• Skihjelm og alpinbriller
• Skifellar tilpassa skia
• Snøspade og søkestang
• Førstehjelpsutstyr
• Elektronisk sendar/mottakar (skredsøkar)
• Kle og sko til trening både ute og inne (hugs sko med lyse solar)
• Sykkel, til bruk i nærområdet rundt skulen
• Dyne og pute
• Laken, dynetrekk og putevar
• Handkle
• Klehengarar
• Febermålar, paracet osv
• Kopp/glas/tallerken/skål/bestikk til å bruke på internatkjøkkenet
• Reiseforsikring: Alle elevar må ha eigen reiseforsikring.
• Innbuforsikring (Mange er dekt av foreldra si innbuforsikring, men sjekk for å vere sikker! Det er viktig at du har forsikring på tinga dine som du tek med.)

Sjå meir +