Medan elevane er ute på tur, har valfag eller er opptekne med seminar er det full aktivitet på kjøkenet på skulen. Der putrar det i grytene, dampen står mot taket og den gode lukta spreier seg i huset.
Det å få kome heim frå dagar i telt og på lange turar til nylaga varm mat er uslåeleg. Då er det tid for smil, gode pratar og stemning rundt bordet.
Vi er opptekne av å servere variert mat gjennom året, der vi legg vekt på å lage forskjell på kvardag og fest. Du vil få mykje norsk, god og næringsrik mat.
Dersom det er mogleg vert lokal og kortreist mat prioritert. Det vil seie at du får servert plommer frå nabogarden, hjort frå skogane i området, og egg frå garden innerst i fjorden.
Frukost: består av diverse typar brød og knekkebrød, pålegg, frukostblanding og av og til havregraut. Søndagsfrukosten har alltid noko ekstra godt på bordet.
Lunsj, som er niste du smører på frukosten, og et enten på tur eller på internatstova. Unntaket er laurdag og søndag. Laurdagar vert det servert risgraut, og søndag er middagen tidlegare enn vanleg.
Middag: måltid i matsalen. Variert varmmat og ein viktig fellesarena gjennom året.
Kveldsmat: vekslar mellom brødmåltid og yoghurt eller melk med kornblandingar.
Dersom du er avhengig av diett av ulik art prøver vi så godt som mogleg å tilrettelegge. Vi har lang erfaring i å få til gode løysingar ilag. Spesielle allergier mm.må du oppgje før du kjem hit. Vi tilbyr ikkje vegansk kosthold, men kan elles få til mykje.
Diett-behov på tur vert også ivareteke. Då er det din lærar som følger opp i samarbeid med kokkane.