Bistandsdag

Mange i Gloppen har gleda seg til at folkehøgskule-elevane skal ut på bistandsdag i bygda. Dette har vore ein god tradisjon i mange år. Elevane gjer diverse arbeid mot ein liten sum pengar, som vert donerte til vårt bistandsprosjekt i Nepal.

Du bestemmer kva du vil ha hjelp til, aktuelle arbeidsoppgåver kan for eksempel være husvask, bilvask, flytting av ting eller ved-arbeid. Vi har mange elevar med godt humør og sterke armar!

Julehjelp onsdag 13. desember
Folkehøgskuleelevane treng arbeidsplass for ein dag, til inntekt for bistandsprosjektet.
Treng du hjelp til praktisk arbeid?

Pris per elev i arbeid: 500 kroner
Tid: ca 9.30-14.00 (4-5 timar)

Om det ikkje passar å hyre inn julehjelp i år, kan du gje ei gåve til Nordfjord folkehøgskule sitt bistandsprosjekt på kontonummer 3705.13.05842.
https://spleis.no/julevask23

Oppgåvene bestemmer du,- og vi har mange som kan ta i eit tak på mange måtar. Det er mogleg å leige fleire elevar. Stykkprisen er den same uansett kor mange elevar du leiger.

Fyll ut skjemaet her om du ønskjer hjelp:

Ved spørsmål, ring skulen: tlf. 57 86 80 40

Nordfjord folkehøgskule har i mange år vore ein fast og stor bidragsyter til eit lite lokalsjukehus i den nepalesiske fjellheimen.
Frå å ha vore eit svært sparsommelig utstyrt sjukehus med altfor liten kapasitet til dei 200 000 menneska som soknar dit, har ein gjennom dei siste 15 åra gjort store utbetringar. Mykje av dette har vorte finansiert gjennom gåver frå Norge,- inkludert oss på Vereide. Du kan lese meir om prosjektet her: normisjon/okhaldunga

Ved å bruke vårt tilbod om julehjelp får du altså både hjelp sjølv og hjelper andre!