Boka som set spor

Terningkast 6: "Om livet er ein skitur over Jostedalsbreen, er denne boka sjølve Lodalskåpa."

Bokmelding av Eivind Eidslott
«Varige spor – Nordfjord folkehøgskule 100 år»
Arve Sandal og Odd Harald Halse
Utgjeve på eige forlag

 

Plutseleg ein dag sit eg med ei gåvebok i fanget. Ei coffee table-bok, som det heiter på Manhattan og – sjølvsagt – på Sandane. Ei praktbok – med tittelen «Varige spor – Nordfjord folkehøgskule 100 år». Det fyrste eg legg merke til er sidetalet: 340. Det andre eg legg merke til er vekta: omtrent 1,7 kilo (ifølgje den tilårskomne kjøkkenvekta eg finn på hytta). Det tredje og fjerde eg legg merke til, er den briljante bladbunaden og den skyhøge papirkvaliteten: 120 gram, matt og eksklusivt. På ein liten augneblink får eg denne distinkte kjensla av at her er det nokre folk som meiner alvor.
Her er det nokre som slår på stortromma.
Her er det nokre ressurspersonar som har gått saman om å lage noko som nesten kan likne på ein ny bibel.
Eit testament over kva ein folkehøgskule kan gjere med eit ungt menneskesinn.

 

Men alt dette er jo berre ytre mål. Alle som har gått på folkehøgskule – og alle vi som skulle ønskje at vi hadde gått på folkehøgskule – veit at det er det indre som tel. Difor er det med store forventningar eg blar opp og byrjar å lese i denne svært innhaldsrike boka. Og kva finn eg? Jo, eg finn alt det ei jubileumsbok sjølvsagt skal by på: historiske kapittel. Godt gravearbeid. Gode kjelder. God dramaturgi. Tidslinjer og namn. Mange namn. Alle dei viktige årstala. Bilete i svart-kvit. Internatliv og kongehus. Dårleg vêr og strålande solskin. Tru og tvil. Medvind og motgang – både i samband med elevtal, bygningsmasse, økonomi, læreplanar og viktige diskusjonar om kristendom og skulereglement.
Her finn lesaren ulike sjangrar, magiske foto, strålande temposkifte, dvelande tekstar, korthogde intervju. Her finn du ei lang rekkje forteljingar som set saman ulike puslespelbitar – og prov – på at Nordfjord folkehøgskule er eit fjell for alle som har vore innom.
Eit ruvande, høgt fjell.
Noko å navigere etter i livet.

 

At Arve Sandal og Odd Harald Halse er gode forfattarar, historikarar og fotografar er det ingen tvil om.
Dei er skaldar i vår tid. Og dei fortener gullmedaljar for dette aleine.
Men i lesinga av «Varige spor – Nordfjord folkehøgskule 100 år» går det opp for meg at dette er meir enn ei historiebok. Dette er mykje meir enn sakprosa.
Ein ingress i boka stiller dette essensielle spørsmålet: «Kan ein tru på eit flott år når alt er nytt, alle er ukjende og heimen er 50 mil unna?»
Svaret kjem ikkje berre i form av tinderangling i Molladalen, isklatring i Golsjuvet eller langtur med «Statsraad Lehmhuhl». Svaret kjem ikkje berre gjennom seglturar i Hjørundfjorden, matlaging ute og inne, padleturar i verdsarva, bratte skiturar, teltliv, handverksarbeid eller kryssing av Jostedalsbreen.
Svaret kjem ikkje berre ved å intervjue ei vakker tinderekkje av elevar og tilsette, i notid og fortid.

 

Svaret kjem på mange måtar mellom linjene.
Som eit dikt.
Som ein song.
Denne jubileumsboka er ein salme om samhald, om nestekjærleik, om venskap, om tryggleik.
Alle orda dansar folkedans framføre deg, setningane har ei hjarterytme, heile narrativet lettar og flyr som ei havørn over Stadlandet.
Denne boka er ei hymne om naturen – og om menneskenaturen.
Denne boka er Pulitzer-vinnande journalistikk om kva som hender når du allereie i starten av vaksenlivet søkjer inn i naturen, innover i deg sjølv, og samstundes lærer å sjå – verkeleg sjå – dei andre rundt deg.
Dette er ei novellesamling om det magiske som skjer når ein samlar 100 nittenåringar på Vereide, i eitt skuleår, år etter år, i 100 år.
Dette er mange, vakre romanar – om å finne ein kompasskurs på det aller største kartet. For dette er ikkje berre ei samling historier om det å gå på tur. Denne boka er stor litteratur. La meg avslutte slik: Sogn og Fjordane finst kanskje ikkje meir.
Men denne boka fortel ei om ein meir spesifikk fjord.
Om ein varm metafor.
Nordfjord.
Og etter å ha lese denne boka, vert vi alle nordfjordingar.

 

Kjøp boka her!