Ledige stillingar

HANDVERKSLÆRAR

Ein av våre mest rutinerte lærarar går av med pensjon, og difor søker vi etter lærar i 80% stilling frå 01.08.19. Stillinga er knytt til valfag, prosjektveker og linja Bu og fritid, og til generell drift på sløyd- og smiebygget.

Vi leitar etter deg som er glad i å vere mykje i lag med ungdom og som er ein god lagspelar.  Du har gjerne nokre år med erfaring, og er oppteken av å finne gode løysingar undervegs.

Kvalifikasjonar:

– faglærer kunst-og handverk, eller tilsvarande fag  i fagkretsen.
– evt. anna relevant utdanning innan handverksfag, t.d. tømring, møbelsnekker, smed.
– pedagogikk, og gjerne også spes. ped.
– erfaring frå fagfeltet
Ettersom dette er ei stilling det er knytt sosialpedagogisk arbeid til, må det påregnast noko kvelds-, helg- og nattevakter.
Den tilsette må aktivt slutte seg til kristen tru, og arbeide lojalt mot Normisjons verdidokument. Ein må legge fram politiattest.

Søknad med CV og referanser kan sendast på mail til kontor@friluftslivskulen.no.

Frist: 24.04.19

For spørsmål, ta kontakt med Nordfjord folkehøgskule, på tlf. 57 86 80 40 eller mail: hildegunn@friluftslivskulen.no

 

 

Kvifor jobbe på friluftslivskulen i Nordfjord?

Det er mange og gode grunnar for å kome til Nordfjord og arbeide her! Du skal få ei lita smørbrødliste med oversikt over godbitane. Vi garanterer ikkje at vi er heilt objektive, men alt som står på lista er sant.

Nordfjord folkehøgskule ligg midt i smørauget for den som vil drive med friluftsliv. Frå skulen er det kort veg til både bre, fjell og fjord. Elvar og fiskevatn ligg i nærområdet, det same gjer fleire klatrefelt. Det er kort veg til Sunnmørsalpane, Jostedalsbreen, Hoddevika og havet, og det nyttar vi oss mykje av. Vinter og vår er det svært gode forhold for skikøyring, og fjelltoppane ligg på rad og rekke rundt skulen.

Det at naturen rundt oss er så flott, utnyttar vi til fulle i undervisninga. Det betyr at du som lærar får vere med å formidle naturglede, utforskingslyst og kunnskap i mange aktivitetar. I dag underviser vi mellom anna i klatring, bre, ski, surfing, elvepadling, båt, kiting, kano og havkajakk. Etter mange år som friluftslivskule sit vi på stor erfaring og kompetanse. Samtidig ynskjer vi stadig å utvikle oss. Difor er det alltid spennande med nye kollegaer som kan bidra med sine kunnskapar, erfaringar og idèar.

I tillegg til lengre turar og omfattande aktivitetar kan elevane velje mindre valfag som går over korte periodar i skuleåret. For elevane er dette svært attraktive timar, der dei får velje mellom mange spennande fag. Det varierer frå år til år kva valfag vi underviser i, og du som lærar vil ha stor innverknad på kva fag vi tilbyr. Vi vil gjerne vite kva kunnskap og ekspertise du har å tilby!

Til sist på denne ikkje heilt objektive, men likevel sanne lista, vil vi nemne eit svært godt kollegafellesskap. Det er om lag 30 tilsette ved skulen, og vi er (utan å skryte altfor masse) ein veldig fin gjeng! Kompetansen på fagfelta våre er stor, vi har mykje erfaring, det er god plass for ulike meiningar og eige initiativ, og fellesskapet er godt.

Velkomen til oss!