Friluftsliv / Fjord og fjell

Frå tare til topp

Det meste av det beste innan friluftsliv. Nærøyfjorden, Sunnmørsalpane, Lofoten og sjølvsagt mange turar i Nordfjord – på fjella og breane, i elva, på fjorden og surfing i Hoddevik.

FAKTABOLK FOR FJORD OG FJELL
Nærøyfjorden (havkajakk og fjelltur)
4 dagar
Høgt og lågt i Lofoten (surfing, fjellturar og fiske)
8 dagar
Breoppleving
3 dagar
Kystfriluftsliv i Nordfjord
3 dagar
Terrengsykling
3 dagar
Skitur i Jotunheimen
5 dagar
Segling
2 dagar
Vandretur om hausten
3 dagar
Klatring
4 dagar
Fjelltur haust
3 dagar
Topptur på ski
5 dagar
Nordfjordrock i Jotunheimen (fellestur for heile skulen)
5 dagar
Via ferrata Loen
1 dag
Kokelagstur
3 dagar
Førstehjelpskurs
2 dagar
Skredkurs
3 dagar
Felles vintertur
3 dagar
Felles topptur
3 dagar
Skiveke i Hemsedal
5 dagar
Åleinenatt
2 dagar
Pilegrimsvandring
3 dagar
Sjå meir +

MEIR INFORMASJON OM TILBODET PÅ LINJA

På vår nye linje har vi plukka frå topp 10 lista over vakre turmål i Norge. I løpet av hausten reiser vi til desse fire naturperlene:
* Nærøyfjorden. Vi skal padle havkajakk inn i det UNESCO-verna landskapet, slå leir og gå frå fjorden, opp på fjella med fantastisk utsikt ned på leirplassen og innover Nærøyfjorden.
* Loen. Her blir det både tur på Skålatårnet og vi skal gå Via Ferrata.
* Lofoten. Med buss, tog og ferje reiser vi nord til Lofoten. Her skal vi surfe på bølgjer langs kvite strender, prøve oss på ekte lofotfiske og gå på fjelltoppane.
* Sunnmørsalpane. Hjørundfjorden i Ørsta er omkransa av vakre tindar, og du skal få bli med opp på dei majestetiske tindane.

I løpet av vinteren vert det turar med overnatting i snøhole, igloo og telt. Dette vert og ein del av førebuingane til ein lang vintertur som går gjennom vakre Breheimen og Jotunheimen. Eit fantastisk fjellområde med mange flotte toppar.

Når våren kjem dreg vi til Stad for å utforske surfebølgene der, og vi skal på tur med skulen si eigen Colin Archerskøyte og håpar på god blæst i segla.

Saman med dei andre linjene blir det mange fellesopplegg. I løpet av dette året får du førstehjelpskurs, skredkurs, skikurs (telemark/randonee), toppturar,  brekurs, klatrekurs m.m. Du vil få erfaring med mange ulike friluftslivsaktivitetar, du blir godt kjent med teltlivet, og du får vere med på mange turar saman med andre ungdommar som vil utforske friluftslivet i vårt vakre land.

Pris på linja finn du her 

Sjå meir +

PAKKELISTE

• Ullstillongs og ulltrøye
• Varme kle
• Ullgenser og/eller dunjakke
• Vindtett jakke og bukse
• Lue, vottar og hals/skjerf
• Regnkle
• Fjellsko
• Gamasjar
• Kle og sko til trening både ute og inne. Hugs sko med lyse sålar til trening inne.
• Ryggsekk: Bør romme min 65l .
• Dagstursekk: Bør romme min 30l.
• Liggeunderlag
• Sovepose: Må vere så varm at du kan sove ute om vinteren. (evt ha to, så du for eksempel har ein dunpose inni en syntet. Då slepp du å kjøpe ein dyr vinterpose og du har to du kan bruke kvar for seg eller kombinere)
• Hodelykt
• Kartmappe og kompass (gjerne med klinometer)
• Førstehjelpsutstyr
• Turbestikk, -tallerken og -kopp
• Kniv
• Ståltermos
• Drikkeflaske
• Matboksar
• Solbriller
• Skiutstyr: Fjellski med stålkantar/randonee eller telemarkski
• Skifeller tilpassa skia (langfeller)
• Fotposar
• Skihjelm
• Skismøring
• Skibriller
• Søkestang
• Snøspade
• Sykkel til bruk i nærområdet til skulen (viss du har)
• Dyne og pute
• Laken, dynetrekk og putevar
• Handkle
• Klehengarar
• Febermålar, paracet osv
• Kopp/glas/tallerken/skål/bestikk til å bruke på internatkjøkkenet
• Reiseforsikring: Alle er forsikra gjennom skulen sin reiseforsikring i undervisningssammenheng. Men ved reiser til og fra skulen på fritida må du ha eiga reiseforsikring
• Innbuforsikring: Mange er dekt av foreldra si innbuforsikring, men sjekk for å vere sikker! Det er viktig at du har forsikring på tinga dine som du tek med.
• Du treng ikkje alt dette frå skulestart. Det som høyrer vinterfriluftslivet til kan handlast inn i løpet av året.

Sjå meir +