Friluftsliv / Ekspedisjon

Dei lengste turane.

Ekspedisjon! Eit ord lada med forventningar, med spenning, med Roald Amundsen, med Cecilie Skog, med Mount Everest og Sibir. Eit forlokkande ord, ikkje sant? Ekspedisjonar handlar om å reise frå det kjente og inn i det ukjente saman med folk du stolar på. Saman med folk du vil dele opplevingar med. Saman med gode vener. Hos oss skal du på lengre ekspedisjonar til tre av dei mest alpine fjellområda i landet vårt: Svalbard, Sunnmørsalpane og Jotunheimen. Du kan sjå fram til bre, skredkurs og klatrekurs, padling og ikkje minst; ei lang rekkje overnattingar i telt og under open himmel.

Dette året vil krevje mykje av deg. Er du klar?

Skitur på Svalbard
10-12 dagar
Langtur i vinterfjellet
6-8 dagar
Havkajakk
3 dagar
Hausteventyr
8-10 dagar
Brekurs
3 dagar
Vandretur på hausten
3 dagar
Terrengsykling
? dagar
Tinderangling
3 dagar
Klatring
3 dagar
Surfing/Kite
3 dagar
Skileik
1 dag
Segltur med Statsraad Lemkuhl
5 dagar
Kokelagstur
3 dagar
Førstehjelpskurs
2 dagar
Skredkurs
3 dagar
Snøholetur
3 dagar
Skiveke i Hemsedal
5 dagar
Åleinenatt
2 dagar
Pilegrimsvandring
3 dagar
Sjå meir +

MEIR INFORMASJON OM TILBODET PÅ LINJA

Lange turar skapar eit sterkt samhald i klassen, og etter eit år på ekspedisjonslinja sit du igjen med mykje turerfaring.

Friluftsliv/ekspedisjon er ei linje der kunnskap om og nærleik til naturen står sentralt. Lange turar set djupe merke i ein, og vi håpar året vil vere eit utfordrande eventyr på mange plan.

Lengre turar og mange utedøgn krev at vi må improvisere og finne løysningar undervegs. Utstyr må reparerast og vi får sosiale utfordringar. Du vil lære å orientere, leggje opp vegval, bestemme leirplassar, kva du bør ha med og samtidig pakke lett.

Tørking av mat og turmat vil vi også arbeide med. God mat på lange og krevjande turar betyr enormt mykje. Det vil bli mange netter i telt og under open stjernehimmel.

Før og mellom dei lange turane våre vil vi reise på kortare turar. Her lærer vi det grunnleggjande i generelt friluftsliv, ferdsel på bre, kanopadling i elv, klatring og havkajakk. Basiskunnskapane vil kome i forkant av dei større turane, slik at vi er godt budde før vi reiser. I tillegg reiser vi til Sunnmøre på topptur og går på kjende fjell i området rundt Nordfjorden.

10 dagars hausttur
Vi går i fjellet og padlar kano i elv eller havkajakk. Tidlegare har vi kryssa fjellområde som Femunden, Trollheimen og Dovrefjell. Du får prøve deg som turleiar og blir fortruleg med bruk av kart og kompass. Vi blir godt kjende med kvarandre, og får oppleve fjellet i sine finaste haustfargar.

Vintertur på ski
Om vinteren går vi ein lengre tur på ski i Jotunheimen. Vi kjem til å overnatte både i telt, snøhole og på hytte. Vi vil veksle mellom å ligge i basisleir og gå på toppar, og å vere undervegs.

12 dagars tur til Svalbard
Svalbard er ein del av Arktis som er fantastisk, men samtidig svært krevjande å ferdast i. Vi går ein lengre skitur på Nordenskjøldland der vi får brukt alt det vi har lært i løpet av skuleåret. Vi blir kjende med kvarandre på ein ny måte i det kalde, utruleg flotte landskapet. Du lærer korleis du går på tur på Svalbard med tanke på isbjørn og kulde. Vi vil også lære om Svalbard som samfunn og om øygruppa sin kultur, om historie og geologi.
Turar treng mykje planlegging. Vi lærer om gruppeprosessar og korleis vi får ei gruppe til å fungere best mogleg. Tidleg på vinteren får du opplæring i telemark og basisferdigheiter i vinterfriluftsliv. Vi skal innom mellom anna bekledning og utstyrslære. På skredkurs lærer vi snøkjennskap, skredvurdering og kameratberging ved skred.

Pris på linja finn du her

Sjå meir +
"Eg vil måle krefter med naturen. Og samtidig lære meg å leve med naturen, ikkje mot den." - Hans Haugstad Avdem

PAKKELISTE

• Ullstillongs og ulltrøye
• Varme kle
• Ullgenser og/eller dunjakke
• Vindtett jakke og bukse
• Lue, vottar og hals/skjerf
• Regnkle
• Fjellsko
• Fotposar (kan lagast på skulen)
• Gamasjar (kan lagast på skulen)
• Ryggsekk: bør romme minimum 80 liter.
• Dagstursekk: bør romme minimum 30 liter.
• Liggeunderlag
• Sovepose: bør halde deg varm ned til ca -25. Kombiner gjerne to tynnare soveposar istadenfor ein tjukk vinterpose. Til skulestart held det med 3-sesongers pose.
• Hodelykt
• Kartmappe
• Kompass (gjerne med klinometer)
• Førstehjelpsutstyr
• Turbestikk, -tallerken og -kopp
• Kniv
• Ståltermos
• Drikkeflaske
• Matboksar
• Solbriller berekna på høgfjell
• Skiutstyr: fjellski med stålkantar.
• Skifeller i heile skiens lengde, gjerne med feste både framme og bak.
• Skihjelm
• Skibriller
• Søkestang
• Snøspade
• Sykkel – dersom du har (til bruk i nærområdet til skulen)
• Dyne og pute
• Laken, dynetrekk og putevar
• Handkle
• Klehengarar
• Febermålar, paracet osv
• Kopp/glas/tallerken/skål/bestikk til å bruke på internatkjøkkenet
• Pass og reiseforsikring: Alle MÅ ha dette i orden til seglturen med
• Statsraad Lehmkuhl i september!
• Innbuforsikring: Mange er dekt av foreldra si innbuforsikring, men sjekk for å vere sikker! Det er viktig at du har forsikring på tinga dine som du tek med.

Sjå meir +