Ledig vikariat som miljøarbeidar på Bu og Fritid

Grunna permisjon har vi ledig vikariat i 80% frå 1. januar 2023 – 31. desember 2023.


Arbeidsoppgåver

  • Følgje opp elevar med behov for tilrettelegging
  • Vere med på turar og undervisning ved linja Bu og fritid
  • Tilsyns- og nattevakter på skulen etter oppsett turnus.
  • Sosialpedagogisk arbeid

Ønska kvalifikasjonar

  • Relevant erfaring frå arbeid med menneske
  • Gjerne utdanning innan helse og oppvekstfag.
  • Førarkort klasse B

Personleg eignaheit vil verte tillagt vekt.


Personlege eigenskapar

  • Du er imøtekomande, trygg, tolmodig, raus og tydeleg.
  • Du er fleksibel og oppteken av å finne løysingar
  • Du er sjølvgåande, og har glede av å samarbeide med andre.

Nordfjord folkehøgskule er eigd av Normisjon.  Den som vert tilsett må arbeide i tråd med det kristne grunnsynet skulen bygger på, og aktivt fremme dette.


Vi kan tilby:

  • Løn og ordningar etter tariff
  • Medlemskap i SPK
  • Svært variert og spennande arbeidskvardag
  • Eit stort og humørfylt kollegium

 

Søknad med CV og referansar kan sendast på mail til kontor@friluftslivskulen.no.
Frist: 15. november 2022
For spørsmål, ta kontakt med Nordfjord folkehøgskule, på tlf. 57 86 80 40 eller mail: lisbeth@friluftslivskulen.no