Vår gode inspektør går av med pensjon, og vi har difor ledig fast stilling som inspektør i inntil 100 % frå 01.08.22.
Arbeidsoppgåver:
Inspektøren vil inngå i skulen si leiargruppe og ha ansvar for oppgåver knytt til administrativt planleggings- og utviklingsarbeid.
Stillinga gir sjølvstendig ansvar for strategiske initiativ og aktiv leiing som bidreg til å vidareutvikle skulen i tråd vedtak gjort i styret og i samarbeid med øvrig administrasjon. Dette inkluderer også skulen sitt overordna marknadsføringsarbeid.
Inspektøren har ansvar for å utvikle pedagogisk arbeid i tråd med folkehøgskulen sitt formål og verdigrunnlag. I tillegg ligg det forventning om undervisning til stillinga. Storleiken på stillinga vil difor henge noko saman med undervisningskompetanseområde. Inntil 30 % av stillinga kan vere undervisning.
Nordfjord folkehøgskule er eigd av Normisjon. Den som vert tilsett må arbeide i tråd med det kristne grunnsynet skulen bygger på, og aktivt fremme dette.
Ønska kvalifikasjonar:
Relevant høgare utdanning, gjerne innan administrasjon og leiing.
Gode IT-kunnskapar.
Leiarerfaring.
Erfaring frå arbeid på folkehøgskule.
Personlege eigenskapar:
Du må vere glad i å jobbe med ungdomar.
Du er nøyaktig, sjølvstendig og oppteken av kvalitet i arbeidet.
Du er utprega samarbeids- og løysingsorientert.
Du er fleksibel og toler at planane endrar seg.
Vi kan tilby:
Søknad med CV og referansar kan sendast på mail til kontor@friluftslivskulen.no.
Frist: 17.03.22
For spørsmål, ta kontakt med Nordfjord folkehøgskule, på tlf. 57 86 80 40 eller mail: hildegunn@friluftslivskulen.no