Korona

Siste oppdatering 7. april

Publisert tysdag 07.04. 

Det vart idag bestemt av styresmaktene at ingen folkehøgskular skal opnast igjen resten av skuleåret.  På regjeringen.no står det: «Regjeringen har besluttet at folkehøgskoler ikke åpnes igjen før sommeren. Det begrunnes i at de om lag 8000 berørte elevene kun har noen få uker igjen av skoleåret, og kan fullføre med fjernundervisning. Dette vil hindre smitte når elever reiser frem og tilbake til skolene»

Vi veit at dette opnar veldig mange spørsmål knytt til korleis vi skal gjere det med pakking/vask av rom, henting av utstyr, mogleg seinare avslutningssamling, og ikkje minst økonomisk kompensasjon.  Alt dette, og mykje meir, vert det jobba med, men vi har ingen klare svar i dag.  Vi er lova meir informasjon frå kunnskapsdepartementet og folkehøgskulerådet i løpet av onsdag 08.04.

 


 

Publisert tysdag 24. mars:

Det vert ikkje oppstart av skulen igjen før tidlegast over påske, altså 14. april. Vi avventar naturlegvis kva sentrale styresmakter bestemmer vidare utover dette tidspunktet.

Vi vil be om elevane framleis lar være å oppsøke skulen for å hente bagasje, ski o.l.

 


 

Publisert onsdag 18. mars:

OPPHEVING AV KARANTENE

Vi har idag fått beskjed om at smittetest som blei tatt måndag er negativ. Det vil seie at heile gruppa som var i Hemsedal no kan gå ut av karantene.

Ein del elevar vil likevel vere i geografisk karantene (t.d.»søringskarantene»). Følg med på kva lokale myndigheter har sett opp som krav.  Vidare gjeld det framleis at dei med luftveissymptom skal halde seg i karantene til dei har vore fri for symptom i 24 timar.

 


 

Publisert måndag 16. mars:

KARANTENE

Rektor har blitt kontakta av smittevernlege i Gloppen, og han har følgjande informasjon: Dei tilsette som var med på turen til Hemsedal skal testast for virus måndag formiddag.

Legen ber oss om å gjere følgjande:
«Jeg be om at dere prøver å kartlegge hvor mange som var med på turen som har fått øvre luftveisinfeksjon etterpå. Jeg vil oppfordre alle elever til å gå i karantene til vi har overblikk over hvor mange som utvikler sympotmer og vi har svar på prøver. Svar kan forventes i løpet av 1-2 dager fra testing.»

Det vil seie at alle elevar som var med på tur, vert sette i karantene frå måndag 16. mars. Og dei av dokke som har opplevd symptom (feber, hoste, tetthet) etter turen gir beskjed til sitt lokale helsevesen, og til rektor (på mail: hildegunn@friluftslivskulen.no). Dei som ikkje har symptom skal ikkje foreta seg noko som helst, bokstavelig talt. Familien din kjem ikkje i karantene sjølv om du no gjer det.

Vi vil få ny informasjon når det føreligg prøvesvar.

 


 

Publisert torsdag 12. mars:

I tråd med regjeringa sine nye tiltak for å hindre smittespreiing kjem også Nordfjord folkehøgskule til å stenge ned all aktivitet.

Mange elevar kjem att frå Hemsedalsfjellet til skulen torsdag ettermiddag, nokre reiser direkte heim frå Hemsedal. Vi vil straks gå i gong med å sende elevane heimover når dei kjem tilbake.

Om foreldre vil kome og hente sjølv er dette velkomment, men dette må i så fall skje før lunsj fredag 13.03. Kollektivtransport vil gå som normalt, og ein kan difor bestille billettar på nett som vanleg.

Stenginga av skulen gjeld i første omgang fram til torsdag 26.03.