covid19

Her vil vi legge ut oppdatert informasjon om korleis vi har tenkt å gjennomføre planer og tiltak i samband med Covid19

No i starten på skuleåret skal vi:

-ha tydeleg informasjon om hygienetiltak ved å ha oppslag på kvart bygg og på kvart elevrom

-ha gjentakande fokus på handvask

-ha fokus på 1-meter avstand

-hoste og nyse anten i albogen eller i papir som vert kasta.

-ikkje drikke av same flaske/kopp

-stasjonar med antibac på internat og hovedbygg er sett ut, samt handvaskpunkt ute.

– elevar som har symptom på luftvegsinfeksjon  ikkje kan møta til skulestart, men koma når dei har vore symptomfrie i minst ein dag.

Vår skule er, i lag med alle andre skular i Norge, på gult nivå når vi no startar skuleåret. Tiltaka som er nemt over, og under her, er alle i tråd med dette nivået.

Alle elevar bur linjevis på sitt internat. Det er den/dei du deler rom med som er dine næraste her på huset. Rommet ditt kan ta imot ein besøkende i gangen, frå di eiga klasse.

Treningsrom og gymsal kan brukast etter oppsatte tider, linjevis. Hugs godt reinhald etter kvar økt!

Badestamp, buldrerom og turkjøken er stengt inntil vidare.

I matsalen sit ein ved faste bord, saman med dei andre på di linje. Følg med på oppslag om når di gruppe har måltid!

I tida fram til seglturen med Statsraad Lehmkuhl (7.sept) er det ikkje mogleg å ta imot besøk, eller reise på besøk. Det er heller ikkje lov å reise til Sandane eller andre stader for å handle, gå på konsert el.l.

Dersom det er noko spesielt du skal ha ordna, feks på ein butikk, skal vi hjelpe deg så godt som mogleg med dette.