LUKK
Heim / Fag / Linjefag / Vind og vatn

Linjefag: Vind og vatnEin heilt annan fartskontroll

Vind og vatn er dei mest fartsfylte elementa. Dei gir dei sterkaste opplevingane. Fordi naturen er på sitt aller sterkaste. Vindfulle dagar henger du i riggen om bord i ein seglbåt. Eller etter ein kite på fjellet. Regnværsdagane fyller opp padleelvene på Voss. Varme solskinndagar lokkar med bølgjesurfing.Tenk deg ein kvardag med ferskvatn, saltvatn og tørre snøkrystallar. Eit år med rein natur og rein moro.

Eit år med wetlook og bakoversveis.



Vind og vatn innhald

Surfing på Stad
Elvepadling på Voss
Kiting
Tinderangling
Segling/kystveke
Skredkurs
Havkajakk
Klatring
Vintertur
Toppturar haust og vinter
Vandretur om hausten

 

6 dagar
5 dagar
5 dagar
4 dagar
5 dagar
3 dagar
3 dagar
3 dagar
3 dagar
8 dagar
5 dagar
 

 

Terrengsykling
Kano
Tinderangling på Sunnmøre
Skiveke i Hemsedal
Kiting på snø
Segltur med Statsraad Lehmkuhl
Kokelagstur
Pilegrimsvandring
Snøholetur
Førstehjelpskurs
Åleinenatt

2 dagar
2 dagar
3 dagar
5 dagar
6 dagar
5 dagar
3 dagar
3 dagar
3 dagar
2 dagar
2 dagar

 


Vind og vatn - Nordfjord folkehøgskule from Nordfjord fhs on Vimeo.

 

Film frå elvepadling på Voss:

Voss from Jon Kjetil Fossli on Vimeo.

MEIR INFORMASJON OM TILBODET PÅ LINJA

Vind og vatn er ei linje med kontrastar. Sånn er det når vinden og vatnet får bestemme året.

Du får oppleve roleg padling ut ein blikkstille fjord, og fartsfylt elvepadling ned brusande stryk på Voss. Det blir segling med småbåtar i nærområdet, og havkryssing med Statsraad Lehmkuhl.

Det blir ei salig blanding av adrenalin og ro. I den eine stunda er du på veg til dei høgste fjelltoppane, eller til dei høgste bølgjetoppane, i den neste sit du i fellesskapet rundt bålet.

I vinterfriluftslivet får du utnytte vinden til å krysse store kvite vidder etter kiten. Og så får du lære å skjerme deg mot den same vinden når du skaffar deg ly i ei kantgrop.  Snøen fyk rundt teltet, og snøen er besteven der du dansar på ski nedover fjellsidene.

Du blir godt kjend med Stad og havet og dønningane som bryt. Og så inviterer vi deg med til varmare strøk, med palmesus og surfing.

Her finn du pakkeliste for Friluftsliv/Vind og vatn

BILDESERIAR, TURRAPPORTAR OG ANNA FRÅ Vind og vatn