LUKK
Heim / Velkomen til opningsfest


Velkomen til opningsfest

Laurdag 19. august, klokka 13.00.




Vi ynskjer alle elevar varmt velkomne til opningsfesten! Festen er for dei nye elevane + foreldre/pårørande/evt andre som er med på flytteturen. Festen varer i ca 1,5 time, og etterpå er det eit godt måltid mat til alle før foreldra reiser heim og skuleåret verkeleg er i gang.
Du kan gjerne kome til skulen i løpet av føremiddagen laurdag, før festen, så får du sjekka inn på rommet før opningsfesten. Om du ikkje rekk å flytte inn før festen, så er det god tid til å gjere det etterpå.

Om du vil kome til skulen på fredag ettermiddag/kveld, og få rommet ditt allereie då, kan du det. I så fall er det fint om du sender oss ein e-post om det til kontor@friluftslivskulen.no så veit vi kor mange elevar vi skal ta imot den dagen. Det er bra om du òg veit ca-tidspunkt for når du evt kjem fredag. Hugs at vi ikkje har overnattingskapasitet til andre enn de som er elevar, så det eventuelle reisefølgjet må overnatte på hotell/campingplass eller liknande.

Ein del elevar kjem åleine til skulestart, utan reisefølgje. Om du er ein av dei, og for eksempel treng å bli henta på bussen eller flyet, så kontaktar du skulen og så ordnar vi sjølvsagt det.

Lukke til med pakkinga! Og om du skulle vere i tvil: Pakkelista finn du her på nettsidene, på dei ulike linjesidene.

Velkomen!

skulen-drone
 

SAKER FRÅ ARKIVET