LUKK
Heim / Fag / Linjefag / Vegleiing

Linjefag: VegleiingNår eit år ikkje er nok

For nokre blir ti månader i Nordfjord for lite. Dei vil ha meir friluftsliv, og fleire utfordringar.

Går du på Friluftsliv/Vegleiing er du stipendiat på skulen. For å få plass på denne linja må du ha eit år med friluftslivutdanning frå folkehøgskule eller tilsvarande bakgrunn.

Som stipendiat får du praksis som vegleiar for andre elevar på tur, du er med i det sosiale miljøet på skulen på ettermiddags- og kveldstid, og du er assistent og støttekontakt for elevane på Bu og fritid. Du får undervisning og rettleiing, og personalet gir deg tett oppfølging.

Eit år der du gir veldig mykje av deg sjølv. Og får uendeleg mykje tilbake.

 



Vegleiing innhald

Her er nokre stikkord for linja:

Vegleiarpraksis
Miljøarbeid
Assistent/støttekontakt
Pedagogikk
Spesialpedagogikk
Leiarutvikling
Personleg utvikling
Gruppeprosessar
Leiingsteori
Skredkurs
Brekurs
Klatrekurs

 

1loe07762

Stipendiatane ved Nordfjord folkehøgskule 2015/2016.

 

 

Her er link til: Arbeidsoppgåver, økonomi og informasjon om stipendiat-søknad


BILDESERIAR, TURRAPPORTAR OG ANNA FRÅ Vegleiing