LUKK
Heim / Fag / Valfag


Valfag

I løpet av året får du velje mellom 50 valfag du vil fordjupe deg i.




Tenk deg for ein unik sjanse du har til å komponere akkurat det året du vil ha. Bunken med valfag på Nordfjord folkehøgskule er stor og tjukk, vi nemner ballspel, barmarkstrening, bibelfag, buldring, strikking, flugebinding, fotball, foto, gitar, havkajakk, hybelkokk, ekspedisjonstrening, akrobatikk, jegerprøve, kajakkbygging, klatring, knivmaking, kor, kristendom, jibbing, longboard, musikk, smiing, terrengsykkel, topptur, trearbeid, volleyball og utstyrslaging.

Informasjon om kvart enkelt valfag finn du lenger nede på denne sida.

Modular
Vi delar skuleåret inn i tre valfagmodular. Vi har valfag på måndag og tysdag, og det er frå fem til åtte valfagveker i kvar modul. På måndagane er alle valfag på to timar, medan på tysdag er nokre valfag på fire timar, og nokre går over heile dagen.

Kristendom
Alle elevane har kristendom på seks måndagar i modul 2. Nokre gangar vert det fellesopplegg, men dei fleste gangane kan du velje mellom ulike tema. Tema/overskrifter som du kan velje mellom: Det ondes problem, tilgivelse, tru og vitskap, bøn, troens ABC, Jesus på film, tekstdykk i NT, samtale om tru rundt bålet, KRIK – idrett og andakt i gymsalen, korles blei Bibelen til og evt.andre tema som flinke forelesarar har.

Kort informasjon om alle valfaga

 

Modul 1

 

Terrengsykling og stibygging
Vi syklar i skog og på fjell. Forhåpentligvis let snøen vente såpass på seg at vi får til nokre turar litt opp i høgda. Kan være litt slitsomt, men hvis du er motivert får vi det veldig gøy! Vi skal også få litt erfaring med stibygging. Det vert vedlikehald/utbetring av eksisterande sykkelstiar, og vi har fått tilgong til eit nytt område der vi skal få lage en ny sykkelsti.

Segling/sjøliv/bruksbåtar
Vi startar faget med å lære det grunnleggande innan segling med skulen si Colin Archer-skøyte, Medvind. Ved hjelp mykje "learning-by-doing" bil du bli istand til å føre ei ekte seglskute på fjorden, forstå meir av korleis naturen og vi kan samarbeide om framdrifta

DOJO
Dojo betyr ”staden for vegen”. Ein Jesusdojo er altså ”staden for Jesusvegen”,- ein veg som kan lærast like mykje ved  øving og praksis, som ved samtale og studie. Ikkje minst lærer vi Gud og oss sjølve å kjenne gjennom å utfordre våre eigne komfortsoner. Det er utanfor komfortsona at vi veks som menneske og historier blir skapte,- historie som også kan inspirere andre.  Vi vil i denne dojoen ha personlege eksperiment, for å understreke det leikne og utforskande. Vi vil undersøke kva som skjer når vi overset og anvendar Jesus sine verdiar på heile livet. Temaet for denne dojone er ”Digital avrusning” og  eit enklare liv inn i mot adventstida. Du treng ikkje vere kristen for å vere med på Dojo.

Ekspedisjonstrening
Å bygge kroppen om til ei uthaldande maskin er ikkje gjort over natta. Lange turar til fots og på ski krev mykje! Dette er valgfaget for deg som ønskjer å være best mulig forberedt til vinteren sine turar. Det vere seg i dei  bratte motbakkane på topptur eller å ha det vesle ekstra overskotet når ein skal dra i gong pulken enda ein gong. Vi skal blant anna trekke dekk, kjenne på syra i motbakane og pushe kvarandre til å gje alt kvar gong!

Klatring
Lurer du på om klatring er noko som for deg? På dette valfaget får du muligheten til å prøve deg på klatring, og det krev ikkje tidlegare erfaring. Vi reiser til Sagaflåten og til klatrehallen på Sandane. Det vil vere mogleg å ta brattkort-test i løpet av modulen.

Grunnkurs havkajakk
Vi skal gjennomføre eit kurs som heiter Grunnkurs Hav. Du får då eit våttkort, som er eit bevis på at du har kurs innanfor kursstigen til Norges Padleforbund. Dette er grunnleggande opplæring i padleteknikk og sikkerhet på havet. To av dagene er det rulletrening i basseng.

Utstyrslaging, 4 t
Her får du moglegheit til å sy dine eigne turklede. Kanskje du treng fotposar, vindvottar eller ein ny anorakk. Vi har mykje flott stoff og utstyr frå Norrøna, så alt ligg tilrette for at du skal få supplert litt på utstyrslista di.

Smiing
Lage bruksting og pynteting av glødande og kaldt materiale (jern). Eksempel er lysestakar, lampettar, spegelrammer og beslag. Lage knivblad og lære prosessane til ferdig knivblad. Lære krøllsmiing.

Trearbeid/longboard
Lage bruksting og pynteting som små møblar, (små kister/skrin og skap), dreie skåler, lage tine og matboks. Dekorere med enkel treskjæring/karveskurd. For dei som ynskjer det blir det høve til å lage sitt eige longboard.

Fotografi
Fotograf Andreas Eikeseth Nygjerd vil ta dykk med innom dei viktigaste sjangrane innan fotografi. Undervisning i teknikk, bildeinnhald, mm. Gjennom oppgåver og felles gjennomgang vil elevane utvikle sitt eige bildespråk. Tilpassast alle, men det er ein fordel med noko erfaring.

Praktisk filmproduksjon
Har du et skjult talent som filmskapar, har lagd mykje film før, eller er heilt fersk? Då er dette valfaget for deg, og uavhengig av tidligare erfaring vil du få godt utbyte av kurset. Kurset vil vere 100% praktisk basert, og målet skal vere å lage så mykje film som mogleg.
Kurset vert tilpassa dine interesser og erfaringar, og du får stor innflytelse på dei ferdige produkta. Vil du lage turdokumentar, underholdningsfilm, musikkvideo eller reklamefilm? Du bestemmer! Det er ikke noe krav om at du må ha eget filmutstyr, men har du dette er det positivt. Undervisningen vil foregå på skulen, ute i nærmiljøet og på aktivitetane til dei andre valfaga. Ein må regne med noko ekstra arbeid utenfor kurset.
 

Mat i det fri
Lær å lage god mat på bål. Dere vil få lære ulike teknikker, alt fra mat på steinhelle til helgrilling av kalkun.

Kniv og slire
Lage skaft til ferdig knivblad. Lage slire til kniven. Overflatebehandling av skaft og slire

Fotball
Fotballtrening ute. Vi reiser til Sandane der vi har tilgang til stort treningsfelt og kan leige kunstgrasbana dersom det er vått. I desember reiser vi med to skulelag (7’ar fotball) til fotballturnering i Molde. Her møter vi lag frå fem andre folkehøgskular til Nordvestcup.

Barmarkstrening
Skisesongen kjem fortare enn du aner, og då gjeld det å være klar. Her skal vi lære litt om trening, både uthald og styrke, og erfarer korleis det kjennes på kroppen. Dette er valfaget for deg som ikkje er redd for å bli våt, skitten og sliten!

Kristen tru
Lyst til å vite litt meir? Kva trur du på? Kva er forsoningslære, nådemiddel, inkarnasjon, frelseshistorie, treenighet eller andre rare ord i kristen tro. Vi tek ein liten gjennomgong, samtaler og diskuterer. 

Hybelkokken
Korleis overleve på studentøkonomi langt vekke frå kjøkkenskapet heime? Her vil du lære å lage enkle, raske og gode rettar utan at lommeboka vert fullstendig tom.

Terrengsykling
Vi syklar på grusveier og fine stiar i nærområdet. Artige nedkjøringar og litt tunge oppoverbakkar.

Buldring
Vi har ein 250 m2 stor innandørs klatrevegg og her vert det mykje buldring og litt skruing av ruter.

Båtførarkurs
Båtførarkurs og eksamen. Frå 01.05.2010 er det innført obligatorisk båtførarbevis for alle som er fødde etter 01.01.1980, dersom båten er over 8 meter og/eller har 25 HK eller meir.


Modul 2

Trearbeid og kajakkbygging
Vi lærer grunnleggjande kunnskapar i trearbeidsfaget. Materiallære, verktøyval, verktøybruk, oppsetjing av verktøy, bearbeiding av materialar manuelt og ved hjelp av maskiner. Sliping og overflatebehandling. Vi arbeider med eldre samanføyingsteknikkar. Lære treskjering, karveskurd og akantusskjæring. Lage møblar, bruksting og pyntegjenstandar. Dreie koppar, skåler, fat, lysestakar og lampettar. Dei som ikkje blir ferdig med kajakkbygging under revyvekene må ha dette faget!

Langrenn
Har du ein draum om å få gå i same løyper som sjølvaste Odd-Bjørn Hjelmeset? Ønskjer du å lære litt om langrennsteknikk? Dette faget er både for den som har gått mykje og lite, men vi vil fokusere på grunnleggande teknikk - klassisk stil. Her vert det øvingar, leikar og hard trening for den som vil!

Fotografi
Fotograf Andreas Eikeseth Nygjerd vil ta dykk med innom dei viktigaste sjangrane innan fotografi. Undervisning i teknikk, bildeinnhald, mm. Gjennom oppgåver og felles gjennomgang vil elevane utvikle sitt eige bildespråk. Tilpassast alle, men det er ein fordel med noko erfaring.

Jegerprøve
Praktisk og teoretisk kurs der du får tatt jegerprøva.

Utstyrslaging
(Sjå info om faget i modul 1.)

Skred fordjuping
Dette faget er for deg som ønsker å gå litt i dybden på snø og skred – bokstaveleg talt! Vi skal jobbe mykje med vurdering av skredfare, skredvarsling og korleis ein kan gjere trygge veival på tur.  Nokre gonger kjem vi til å gå på nokre av dei flotte fjella vi har i nabolaget, men det er ikkje sikkert vi siktar oss helt mot toppen kvar gong. Det viktigaste er å lære, erfare og diskutere underveis. På nokre emner vil vi gå mer i dybden, men i hovudsak dreiar det seg om å få mengdetrening innen dei emna ein lærer om på skredkurset tidleg på vinteren.

Topptur/turleiing
Toppturar på ski. Vi har som mål at du skal bli flinkare til å lede andre på tur. Her vil vi rotere på kven som har ansvar på dei ulike dagane, og under oppfølging frå lærar skal vi bli flinkare til å ta ansvar på tur.

Topptur/kite
Dette er for deg som vil lære å utnytte vindens kraft ved hjelp av kite. Vi ser an vind og værmelding og reiser dit vinden og snøen er. Om vinden avtek vert det å bruke beina, skia og fellene og traske til toppen i staden. 

Fjelljibbing
Vi kler oss og førebur oss på topptur, men finn vi ein stad vi heller har lyst til å bygge eit hopp, eller ein artig plass vi kan leike oss på ski, så gjer vi lett det i staden! Førebu deg på knall og fall og mykje moro. Alle typar ski funkar.

Skiinstruksjon/topptur
Instruksjon i telemark/alpint. Vi reiser til skianlegg i Nordfjord - Harpefossen og Stryn. Prisen inkluderer reise og heiskort. Dersom vi veit at snøforholda i skianlegga er dårlege blir det topptur i staden for skianlegg.

 

Modul 3

 

Båtførarkurs
Båtførarkurs og eksamen. Frå 01.05.2010 er det innført obligatorisk båtførarbevis for alle som er fødde etter 01.01.1980, dersom båten er over 8 meter og/eller har 25 HK eller meir.

Hybelkokken
Hvordan overleve på studentøkonomi langt vekke fra kjøkkenskapet hjemme? Her vil du lære å lage enkle, raske og gode retter uten at lommeboka tømmes fullstendig.

Basistrening
Her skal vi lære litt om trening, både uthald og styrke, og erfarer korleis det kjennes på kroppen. Dette er valgfaget for deg som ikkje er redd for å bli våt, skitten og sliten!

Longboard
Lag ditt eige longboard.

Treskjæring/karveskurd
Info frå Wikipedia: Karveskurd - Skåret dekor med geometriske motiver der sirkel og rutemønster kan trekkes opp med passer og linjal. Dekoren er utført med et karvesnitt - skjæring der snittet har skrå sider som møtes i en spiss i bunnen. Sidene kan være rette slik at snittet danner en v-form eller svakt buet slik at snittett blir lik tverrsnittet på en båt. Dette er en enkel teknikk og dekor som verken krever store ferdigheter eller komplisert verktøy. Karveskurd kan skjæres med tollekniv og ofte også med bruk av stemjern. Men det er stor spennvidde i dekor og produkter fra arbeider med gode kunstneriske kvaliteter til enkel amatørmessig dekor.

Yoga
Lyst til å bli mykere, pleie kroppen og forebygge skader? Da er Yoga/røyrsle noe for deg. Her  tar vi for oss helt basic bevegelighet med yogainspirerte øvelser, vi skal fokusere på pust og  kjenne etter i kroppen. Dette er for alle, både stive stokker og myke turnere. Man bøye og  tøyer på sitt eget nivå til rolig musikk og en god atmosfære.

Gitar
Er du så å seie blank på gitarspeling, men har lyst til å lære? Då har du sjansen no. Ta med gitar!

Innebandy 
Innebandy er en fartsfylt og herlig idrett. Her blir det mykje speling og god stemning

Strikking
Strikking valfag kan du velja om du er heilt nybegynnar eller om du har strikka litt frå før. Du lærer bl.a. dei grunnleggjande teknikkane i strikking og å følgja eit mønster. Har du ein del erfaring, kan du sjølv velja noko du vil laga.

RELATERT INNHALD