LUKK
Heim / Fag / Linjefag / UT

Linjefag: UTUT - ny linje frå hausten 2019!

Vi veit akkurat kva du har lyst til. Er ikkje det flaks?

Vi har planlagt eit knallår for deg, stappa med spenning, moro, friluftsliv, trøkk og masse aktivitetar. I løpet av 9 månader får du oppleve terrengsykling, klatring, bre, via ferrata, elvekajakk, kano, surfing, havkajakk, toppturar, isklatring, kiting, havfiske…kan du be om meir, eigentleg?

Om du drøymer om utfordringar, utsikt og utrulege opplevingar er svaret enkelt: Bli med UT!



UT innhald

Toppturar haust 3 dagar
Toppturer vinter 6 dagar
Vandretur på hausten 3 dagar
Klatring 2 dagar
Segling/kystveke/kystkultur 5 dagar
Skredkurs 3 dagar
Havkajakk 3 dagar
Isklatring 2 dagar
Vintertur 3 dagar
Førstehjelpskurs 2 dagar
Terrengsykling 6 dagar
Elvekajakk 2 dagar
Bølgesurfing på Stad 2 dagar
Fjelløping 2 dagar
Skikøyring 7 dagar
Kiting 2 dagar
Segltur med Statsraad Lehmkuhl 5 dagar
Kokelagstur 3 dagar
Pilegrimsvandring 3 dagar
Kanotur 5 dagar
Snøholetur 3 dagar
Tinderangling 6 dagar
Åleinenatt 2 dagar
Rafting 1 dag
Via Ferrata Romsdal 1 dag

 


MEIR INFORMASJON OM TILBODET PÅ LINJA

Du har altså sjansen til å vere i det første kullet på Friluftsliv/UT. Og for eit år det skal bli!

Året startar luftig og spennande, det blir enkel tinderangling i Romsdalen og Molladalen på Sunnmøre. I løpet av desse turane får du òg prøve å gå via ferrata. Ein av dei første aktivitetane på linja blir klatring, der målet er at alle i klassa skal få brattkort.

Litt seinare på hausten reiser vi til Femunden nasjonalpark for å padle kano, fiske og elles nyte roleg friluftsliv. Vi får god tid til bål og kaffi!

Tilbake på Vestlandet skal vi rett over i det våte element. Det blir surfing på Stad, og tørrdraktene må på når vi skal drive med kajakkpadling i bølgjene.

Etter jul er det vinter og vinteraktivitetar – det blir fokus på ski, skred, overnatting i snøen og flotte toppturar. Du får prøve isklatring, kiting og vintertur.

Når vi kjem litt meir utpå våren, skal Friluftsliv/UT ha kystveke med segling, fiske og fangst og sjølvsagt matlaging. Tilbake på landjorda skal vi ha ei heil veke med terrengsykling.

Dette er faktisk berre litt av det du får oppleve. Vi gledar oss veldig til å starte opp denne linja, og gledar oss til å sjå deg her!

Her finn du pakkeliste for UT

 

 

BILDESERIAR, TURRAPPORTAR OG ANNA FRÅ UT